Leserinnlegg:

«Rødt støtter demonstrantanes krav om stans av vindmølleutbygginga på Haramsfjella»

Raudt Møre & Romsdal krev augeblikkeleg stans av vindkraftutbygging på Haramsøya. 

Illustrasjon:   Foto: Karl Johan Vatne

Meninger

Tanken om at Møre og Romsdal skal vere berekraftsfylke må lede til umiddelbar handling. Vi har fremma følgjande forslag til fylkestinget 15 og 16 juni, som vi håper på bred tverrpolitisk støtte til:

1. Møre og Romsdal fylkeskommune ber regjeringa om å stanse vindkraftutbygginga på Haram.

2. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at saker angåande utbygging av vindkraft i Møre og Romsdal avgjerast lokalt med bindande verknad.

Raudt Møre og Romsdal gjer full støtte til demonstrantane mot utbygginga på Haramsøya. Utbygginga må uansett stansast til hekketida er over.


Fylkesutvalget

Ber om full stopp på Haramsøya

Fylkesutvalget ber regjeringen stoppe vindkraftutbyggingen på Haramsøya.



Vindkraft på Haramsøya:

Haramsøya: Motvind er sjokkert over politiets konklusjon

Politiet har kome fram til at utbyggar Zephyr har juridisk rett til å bruke Haramsfjellvegen. Det får styreleiaren i Motvind Norge til å reagere.


Dei åtte 150 meter høge vindturbinane som skal byggast på Haramsfjellet vil, i tillegg til uakseptable naturødeleggelser, påføre innbyggarane støy og sterkt minske kvaliteten på bumiljøet.

Raudt Møre og Romsdal er sterkt bekymra for dei høge straumprisane til både innbyggjarane og industrien i Noreg. Med høge straumprisar har det blitt meir attraktivt å byggje ut vindparkar, også for utanlandske storselskap. Den reine, fornybare vasskrafta har vore og er framleis ryggrada i norsk elektrisitetsforsyning. Vasskrafta vart bygd ut i førre hundreår for å sikre alle innbyggjarane og industrien straum til kostpris. Vasskrafta var ein naturressurs som gjennom konsesjonslover og offentleg eigarskap skulle nyttast som eit politisk verkemedel for å byggje landet og sikre sosial og geografisk utjamning.

Raudt er mot den marknadsliberalistisk kraftrevolusjon som blei starta med at Stortinget vedtok den nye energilova for nesten 30 år sidan. Dette vart seinare forsterka gjennom EØS-avtala, bygging av utanlandskablar og norsk tilknyting til ACER (EU sitt energibyrå) i 2018. Krafta vart definert som ei vare i ein internasjonal marknad basert på fri flyt av energi i EU/EØS-området. Dei store norske og utanlandske kraftselskapa, med Statkraft i spissen, driv internasjonal kraftbusiness for å auke profitten på kostnad av innbyggjarane, miljøet og industrien i Noreg. Dette er medverkande til at det er et stort press frå utanlandske selskap for å kunne bygge ut vindkraft i Noreg.

Dei store landbaserte vindkraftanlegga, som det som Regjeringa godt hjelpe av Framstegspartiet nå trumfar gjennom vil alltid bety store inngrep i vakre og viktige naturområde. For å frakte vindmøller på opp mot 250 meter trengst store anleggsvegar, og sjølve anlegga krev sprenging, og bygging av nye kraftliner. FN sitt naturpanel har dokumentert korleis tap av leveområde er den viktigaste årsaka til at opp mot ein million artar no er truga av utrydding. Kongeørn og havørn kjem til å bli ofre for turbinslakt. Mikroplast og anna avfall vil bli sleppe ut i næringskjeda og hamne på vårt bord.

Raudt stør aktivistar, særleg ungdom og lokalbefolkninga, som nå seier stopp til vindkraftanlegget. Raudt gir sin støtte til demonstrantane som forsøker å forhindre rasering av naturen på Haramsøya.


Ordførere mot vindkraft forener seg

40 ordførere fra kommuner over hele landet har så langt signert et felles opprop mot videre planlegging av vindkraft i kommuner uten kommunal styring.



Aktivistorganisasjon vil ta åtte vindkraftverk for retten

Organisasjonen Motvind Norge vil ta åtte vindkraftprosjekt langs norgeskysten til retten. Målet er å stanse de planlagte kraftverkene.


Ei stadig tettare norsk integrering i den europeiske energiunionen ACER, vil bety auka press på norsk fornybar kraftproduksjon (både vasskraft, vindkraft og andre energikjelder), auka krafteksport og import av enno høgare straumprisar i Noreg. Denne utviklinga av kraftpolitikken vil både undergrave natur- og miljøomsyn, sosiale økonomiske omsyn og ein offensiv nasjonal industripolitikk der rimeleg kraft er eit industri- og distriktspolitisk verkemedel.

Rødt Møre & Romsdal krev at all utbygging vert stansa til saka er behandla i rettssystemet. Vi krev at regjeringa vurdere å gjere om denne løyva. Haram kommunestyre vedtok enstemmig i august 2019 at dei ikkje ynskje utbygging av vindkraftverk på Haramsøy. Å trumfe gjennom ei statleg plan er eit udemokratisk steg. Rødt ynskje at lokaldemokratiet skal ha det avgjerande ordet for eller mot utbygging av vindkraft.

Møre og Romsdal vil vere ein berekraftig fylkeskommune. Korleis vil fylkesordføraren Torve arbeide vidare med å stanse vindkraftutbygginga på Haram?


Kommentar om vindkraft:

«Sivil ulydnad kan snu vinden»

Historia om sivil ulydnad er historia om dei mange tapte slag, men også om korleis store samfunnsendringar har blitt fødde.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!


Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meninger