Lesarinnlegg:

«Stopp vindmøllene på Haramsfjellet!»

Opent brev til Kristin Sørheim, SP og Tove Lise Torve, AP.

Stormar: Det stormar rundt planane om å setje opp åtte vindmøller på Haramsfjellet.  Foto: Knut Arne Aarset

Meninger

Eg ber dykk, ta kontakt med Stortingrepresentantane frå dykkar parti frå vårt fylke samt dykkar Stortingsgruppe, og sørg for at dei støttar representantforslaget frå FrP ved Sylvi og Jon Georg mfl. ang. STOPP utbygging av vindmøllene på Haramsfjellet!

Sist Fylkesutvalgsmøte var du Kristin Sørheim heilt klar på at SP ikkje støtta bygging av vindmøller på land.

No kan du gjere «ord til handling» og sørge for at Trygve Slagsvold Vedum og resten av SP gruppa på Stortinget støtta forslaget frå FrP om stopp av vindmøllesaka på Haramsfjellet til saka er ferdigbehandla i rettssystemet.

Det same gjeld deg Tove Lise Torve, dokke i AP var like tydelege imot vindmøller på land.


Vindkraftprotestane:

Dette seier rikskjent motstandar av vindkraft om å ty til hærverk

Torbjørn Lindseth vart rikskjent for sitt krasse engasjement mot vindkraftutbygging i Flatanger. Han oppfordrar til sivil ulydnad, men åtvarar sterkt mot å gå til fysisk sabotasje.


Du kan også vise at du er ein fylkesordførar som bryr deg om innbyggjarane i heile fylket, og støttar kampen mot vindmøller på Haramsfjellet.

Fylkesutvalet hadde også ein uttale ang. denne saka, så det er lett å følge opp dette for deg som fylkesordførar.

Det er FrP, SP, AP og andre i opposisjon på Stortinget som kan stoppe vindmøllene på Haramsfjellet,

Høgre, KrF og Venstre er berre å gløyme då desse «vindmøllepartia» ikkje bryr seg om Norsk natur og om innbyggjarane som må slite med dei ekstreme vindturbinane og radbrekt naturområde på Haramsfjellet.

Eg håpar dykk begge tek fatt i denne saka, og gjer det dokke kan for at vi klarer å stoppe utbygginga av vindmøller på Haramsfjellet.

Håpar på støtte frå dykk begge to Kristin og Tove Lise, slik at vi kan gjere det vi kan for å stoppe det ekstreme overgrepet mot lokalsamfunnet som er i ferd med å skje på Haramsfjellet.


Synspunkt:

«Ode til OED»

Våkn opp! Suverenitet over egne naturressurser står på spill.



Kommentar om vindkraft:

«Sivil ulydnad kan snu vinden»

Historia om sivil ulydnad er historia om dei mange tapte slag, men også om korleis store samfunnsendringar har blitt fødde.



Vindkraft: Vil stanse saksøkte, ikkje påbegynte prosjekt

Frp vil be Stortinget gjere noko partiet ikkje foreslo i regjering: Å stanse vindkraftutbyggingar som skal opp for domstolane.



Sier ja til vindmøller på Haramsøya

Olje- og energidepartementet avslår klager på Haram vindkraftverk.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meninger