Men det han gløymer å seie, er at dette slett ikkje var ein jomfrufødsel, og at starten på svangerskapet var både utan samtykke og høgst ufrivillig. Ei valdtekt av demokratiet vil nokon seie.

Ein ørliten del av ålesundarane blei spurt pr. telefon om kommunesamanslåinga, Haram blei tvinga inn, Skodje og Ørskog hadde folkerøysting , «på lissom», viste det seg. Over 80 % av røystene sa nei til Ålesund, men folkemeininga blei ignorert.

«Svangerskapet gjekk fint,» skriv T. J. Ø. og meiner vel arbeidet til Fellesnemnda. Jau, det er forståeleg at medlemmene kosa seg der, særleg om det er tilfelle at godtgjersla var på 6500 kr pr. møte? Ei halv månadsutbetaling for ein minstepensjonist.

«Vi må stå skulder ved skulder og ta felles ansvar», skriv T.J.Ø., men det er nettopp det som ikkje blir gjort. Vi har ein freda lønsadel innan administrasjon og politikk som tek store deler av kommunen sine ressursar og samtidig overlèt sparinga til m.a. skulane ved nedskjering i talet på lærarar.

T.J.Ø. ytrar ønske om « ein kommune folk ynskjer å bu i og flytte til.», men kven ønsker å flytte til ein kommune med slike prioriteringar?

Likeins med fylkeskommunen vår. Vil ansvarsfulle foreldre flytte til eit fylke som har fleire hundre millionar på bok og likevel reduserer skuletilbodet?

«Vi treng modige politikarar som tør røske opp i urettferd», skriv T.J.Ø.

Akkurat det er mangelvare, bortsett frå Eldar Eilertsen, Randi Asbjørnsen og Thorbjørn Fylling er det få som tør å yppe seg mot administrasjonen og «røske» opp i noko som helst.

Ålesund er som ei skute utan styring, seier Randi W. Frisvoll (KrF) i Bygdebladet, men det spelar inga rolle så lenge ho og partia i posisjon er med på seglasen.

Det einaste eit felles «VI» har opplevd, er forlis av lokaldemokratiet.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!