Lørdagskommentar:

Sakna i paradis

Haramsøya er himmel på jord for dei som bur der. Ordføraren skulle tatt seg ein tur.

Eva Vinje Aurdal er ordførar i Ålesund, heile Ålesund. For folket på Haramsøya står slaget om framtida no. Ordføraren bør ta ei tydelegare rolle i det som pågår enn det ho har gjort så langt..  Foto: Staale Wattø

Meninger

I snart tre veker har haramsøyingane og alle hjelparane stått på ferjelemmen og blokkert for ilandkøyrande anleggsbilar. Dei har barrikadert vegen til fjells med privatbilar, blitt bøtlagde og samla troppane i protestgruppe på Facebook – over 16.000 er dei der no.