No vil Rusreformutvalget avkriminalisere relativt store brukardoser av alle typar narkotika.

Stortinget skal snart behandle dette forslaget om avkriminalisering, og mykje står på spel.

Rusreformutvalet sin over 400-sides rapport «Fra straff til hjelp» minner gjennomgåande om eit partsinnlegg i den legaliseringsdebatten vi har hatt sidan 70-talet.

Norge er uansett bunde av både FNs narkotikakonvensjonar og av barnekonvensjonen, artikkel nr. 33, som seier at barn skal beskyttast mot ulovleg bruk, sal og produksjon av narkotika. Legaliseringstilhengarane har i alle år forsøkt å få enkeltland til å tre ut av desse konvensjonane.

Rapporten bruker heile 22 sider på å sjå på korleis vi juridisk kan komme oss unna forpliktelsane vi har etter narkotikakonvensjonane.

Når det gjeld FN, må vi hugse at ein her vender seg til alle land, frå de mest brutale regimer, til land som Norge, som alt har oppretta lågterskeltilbod med sprøyteutdeling, brukarrom, legemiddelassistert behandling (LAR), og ulike alternative reaksjonar på narkotikalovbrot.

Det er ingen som driv «krig mot narkotikabrukarar» her i landet i dag. Det er også svært sjeldan at unge blir fengsla. Vaksne rusmisbrukarar kan få tilbod om behandling i staden for fengsel. Andre alternativ til fengsel er påtaleunnlating med vilkår, ungdomskontrakt, fotlenke, bekymringssamtale, mekling i konfliktråd og mykje meir.

Eg trur ikkje at stigmaet ved narkotikabruk blir borte om vi skulle avkriminalisere. Både alkoholavhengige og speleavhengige opplever stigmatisering, sjølv om både alkohol og spel er legalt. Det å pådra seg stigma er nok også mindre farleg enn det å pådra seg rusavhengigheit. Stigmaet vil truleg uansett følgje, anten det er strafflagt eller straffefritt å bruke narkotika.

I dag er det ein del som prøver narkotika ein gong eller to, men stoppar der, nettopp fordi det er straffbart. Uansett kva slags finurlege juridiske definisjonar som gjeld, vil «straffefritt» komme til å bli oppfatta som synonymt med «legalt».

Rusreformutvalget seier at ei avkriminalisering truleg ikkje vil medføre nokon nemneverdig auke i narkotikabruk. Dette kan dei ikkje vite. «Truleg» og «ikkje nemneverdig» er forhåpentlegvis heller ikkje tilstrekkeleg når politikarane snart skal vurdere avkriminalisering opp mot risikoen for auka narkotikaproblem.

Ingen har før avkriminalisert alle type narkotika i så stor skala som Rusreformutvalet foreslår. Dette er eit stort eksperiment. Erfaringar frå røykelova viser at innstrammingar og restriksjonar gir lågare forbruk. Eg er temmeleg sikker på at ei avkriminalisering vil medføre auka bruk av narkotika, og dermed også auka narkotikaproblem.

Sjølv om det er vanskeleg å talfeste kor stor denne auken blir, kan følgjande sitat gi oss ein peikepinn:

«Analysebyrået Cowen & Co på Wall Street i New York framskriver den legale cannabis-produksjonen i USA fra 9 milliarder dollar i 2017 til 75–80 milliarder dollar i 2030» (NRK 17.02.19).

Dette er nok ein freistande marknad å investere i.

Eg meiner at vi bør prøve å forbetre og utvikle dei gode ordningane vi alt har fått på plass i rusfeltet. Vi må ikkje bruke våre barn og barnebarn i dette eksperimentet!

IOGT sette nyleg i gang «Foreldreoppropet mot narkotika». Denne har alt samla tusenvis av underskrifter. Her får folk høve til å uttrykke meininga si om avkriminalisering på ein enkel og effektiv måte.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!