Foto: Berit Roald

Kronikk:

Farleg «leik med ord» i ny opplæringslov

Forslaget til ny opplæringslov foreslår å ta bort omgrepet og retten til «tilpassa opplæring» i skulen og innføre «universell opplæring».

I beste fall vil endringa skape forvirring, i verste fall truar det læraren sitt fagleg skjøn og gjev elevar eit dårlegare tilbod.

Tilpassa opplæring har vore eit grunnleggande – men uklart – prinsipp i norsk skule sidan 1975. Dei som skulle sette dette i verk i klasserommet har vore frustrerte: Skulle alle elevar ha individuelle opplegg?

Intensjonen i opplæringslova frå 1998 var ikkje slik, og etter kvart har heldigvis eit noko einsidig fokus på enkelteleven blitt tona ned. I staden har ein vorte meir opptekne av fellesskapen og korleis god og variert undervisning kan gjere at så mange som mogleg får eit tilfredsstillande utbyte. Individperspektivet og fellesskapsperspektivet utelukkar ikkje kvarandre, men må vere til stades samtidig.



Lærarar forsøker nettopp å få til ei undervisning som «treff» akkurat den gruppa av elevar dei har. Mindre individuelle tilpassingar kan vere moglege og til tider nødvendige. No har ein i NOU 2019:23 foreslått ei opplæringslov der læraren altså ikkje lenger skal tilpasse, men drive med «universell opplæring» som gjer tilpassingar unødvendige.


Universell

Søkjer ein på «universell» i Store norske leksikon får ein opp ordet «universal»: «adjektiv og forledd i sammensetninger; altomfattande, alminneleg, som gjeld i alle tilfelle; dss. universell.» Vi møter det ofte saman med «utforming».

Eit offentleg bygg med universell utforming skal til dømes ikkje berre vere tilpassa dei personane som til ei kvar tid er i det, det skal passe for «alle menneske» «utan behov for tilpassing». Universalt forma ut bygg er difor forma ut etter standardar som gjer at dei har omtrent same løysingane. Ein naturleg konklusjon er at «universell» undervisning må vere ganske lik i ulike klasserom.


Faktisk.no: I Norge er det opplæringsplikt, ikke skoleplikt

Kunnskapsminister Guri Melby (V) har fått kritikk etter at hun påsto at det er skoleplikt i Norge. Melby medgir at hun var upresis, men viser til at foreldre uansett må forholde seg til opplæringsplikten.


Universell utforming av læring

Utvalet bak lovforslaget viser til at «Universell utforming av læring» (UDL) oppstod i USA alt på slutten av 1990-talet som metode. Forsking innan læringsteori og nevropsykologi vart kombinert for å utvikle vitskaplege retningslinjer for korleis elevane skulle lære. Særleg har organisasjonen the Center for Applied Special Technology jobba med dette. Ein har sett på universell utforming av læring som eit rammeverk med konsekvensar for mål, metodar, læremiddel og vurdering.

Omgrepet «universell» på utdanningsområdet finn vi i Noreg særleg knytt til prosjektet «Universal Design – License to Learn», som er leia av Universell ved NTNU. Det er eit internasjonalt samarbeid der ein prøver å finne ut korleis eit amerikansk konsept for vidaregåande skule kunne overførast til ein europeisk kontekst og i høgare utdanning. Det er ikkje slik at CAST eller Universell skal kritiserast for sitt arbeid, tvert imot. Det er likevel svært betenkeleg om vi får ein lovparagraf som gjev lærarar plikt til å tilby noko som så tydeleg kan assosierast til bestemte retningar, rammeverk, metodar, retningslinjer eller organisasjonar.


Er tilpassa opplæring og universell opplæring det same?

Utvalet bak lovforslaget seier at universell opplæring er det same som eit fellesskapsperspektiv på forståinga av tilpassa opplæring, ikkje eit individperspektiv. Rett nok skal elevar framleis kunne få spesialundervisning, og elevar som «heng etter» skal få «forsterka opplæring».

Likevel er dette ein annan tilnærmingsmåte enn tilpassa opplæring har hatt. Omsynet til individet vil verte eit «tillegg», og grunnlaget for forsterka opplæring skal vere dårlege resultat – ikkje andre forhold. Skuleeigar kan med lova i hand avvise ønske om meir tid til kvar enkelt elev så lenge læringsresultata ikkje er «dårlegare enn forventa». Elevane vil ikkje ha rett på tilpassa opplæring, den universelle skal vere nok, og det er det læraren som må sørge for.

Elevgrupper er unike

Tilpassa opplæring har som utgangspunkt at elevgruppa består av dei enkeltelevane ein har til eit gitt tidspunkt. Dei faglege, sosiale og personlege styrkane og utfordringane som ligg i akkurat desse enkeltelevane saman, er det læraren skal tilpasse undervisninga si etter – så langt det let seg gjere.

Dette gjev rom for læraren sitt faglege skjøn. Undervisninga som skjer i møtet mellom lærar og elevar er ein levande organisme, det som passar for ei bestemt gruppe vil kanskje ikkje passe for ei anna. Å pålegge den å vere universell blir difor absurd.

Standardisering eller profesjonelt skjøn?

«Universell opplæring» kan som sagt signalisere forventningar om standardisering, slik ein har for «universell utforming». Vil det no bli forventa ein type standardisering av undervisninga?

Slik omgrepet «universell» no blir brukt i utdanningssamanheng, kjem det heilt tydeleg saman med rettleiande standardar for «implementering». Det i seg sjølv treng ikkje vere problematisk – desse kan brukast med fagleg skjøn i den grad lærarar finn det nyttig. Det er derimot ei svært problematisk kopling om omgrepet blir innført i lovs form som eit pålegg.


Paragrafen om tilpassa opplæring bør justerast

Lovteksten om tilpassa opplæring i paragraf 1–3 burde for lenge sidan vore endra slik at den tydelegare fekk fram at elevar i utgangspunktet ikkje har rett på «skreddarsydd» undervisning. Språklege justeringar av ordlyden kan vere nok for også å juridisk klargjere denne meir edruelege forståinga av tilpassa opplæring som legg vekt på fellesskapen. Dette kan gjerast utan å fjerne prinsippet om tilpassa opplæring og utan å introdusere uklare «nyord» som skaper forvirring og frustrasjon.

Godt meint, men kort tenkt

Intensjonane bak omgrepsendringane er gode – eit ønske om eit inkluderande samfunn som allereie i utgangspunktet tek omsyn til elevmangfaldet. Utvalet hevdar at det er det språklege i lova som skal endrast, ikkje «rettstilstanden».

Utvalet undervurderer då kva konsekvensar endringane kan ha. Lovformuleringane skal tolkast av politikarar, skuleeigarar og skuletilsette og skal setjast om til praksis. «Universell opplæring» ber med seg «bagasje» i form av assosiasjonar til noko som skal gjelde for «alle alltid», fastsette standardar og bestemte tilnærmingar.

I beste fall vil endringane skape forvirring, i verste fall truar det læraren sin autonomi og gjev elevar eit dårlegare tilbod. Lat skulen få «omgrepsro» og heller rammer for å realisere intensjonen om ein inkluderande skule.


Lesarinnlegg:

«Opplæringslovens «mobbeparagraf» – nok ein gong»

Opplæringslovens § 9 A, pkt. 5, «mobbeparagrafen», påbyr at «Den ansatte skal ikke stille spørsmål ved den krenkede elevs subjektive opplevelse. Det foreligger en krenkelse om en elev føler det slik».




Mobbeombud har mottatt 81 henvendelser om barn og unge

Mobbeombudet i Møre og Romsdal har mottatt 81 henvendelser om barn og unge som ikke har det godt på barnehage eller skole.



-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!