Fylkestinget vedtok i desember i fjor å slå saman klinikkane i Stranda og Sykkylven. Hovudårsaka til samanslåinga var først og fremst å sikre eit godt behandlingstilbod til pasientane våre gjennom å rekruttere tannhelsepersonell til eit litt større fagmiljø, ikkje økonomi.

Dagens lokale i Sykkylven er allereie for små og kan ikkje utvidast til ein større tannklinikk.

Leigeavtalen i Sykkylven gjeld ut hausten 2020, noko som har gitt administrasjonen tidspress på finne eigna lokale som skal romme den nye klinikken. Det tek tid å bygge om eit lokale til ein ny tannklinikk, samstundes som det også tek tid å skulle kjøpe nytt utstyr etter Lov om offentlege anskaffingar.

Einaste som var ledig

I arbeidet med å iverksette fylkestinget sitt vedtak, vart det i forslaget til lokalisering av ny klinikk vurdert tre alternativ; leige, ombygging av Sykkylven vidaregåande skule og nybygg. Det vart primært gjort forsøk på å finne ledige lokale i Sykkylven sentrum.

Dette lukkast vi ikkje med, og det var bakgrunnen for at fylkeskommunedirektøren valgte å legge fram ei sak til politisk behandling der han anbefalte ombygging av ledig areal i Sykkylven vidaregåande skole.

Kultur, næring og folkehelseutvalet (KNF) behandla saka om lokalisering, og bad administrasjonen om å gjere eit nytt forsøk på å lokalisere klinikken i leigde lokale. Det einaste ledige lokale som var eigna, var i lokala til leikeparken ved småbåthamna.

Tek sjølvkritikk

Her tek administrasjonen sjølvkritikk på at vi då berre vurderte funksjonalitet og storleik på areala samt tilgang til parkering, og ikkje vurderte tilkomst for mjuke trafikantar. Dette er det berre å beklage, spesielt til dei som må krysse den trafikkerte fylkesvegen.

I staden for å foreslå på nytt å bygge om Sykkylven vidaregåande skule, jobbar administrasjonen no med å sjå på ei trygg kryssing av fylkesvegen og prøver å få til ein lysregulert fotgjengarovergang.

Behov for investeringar

Ved samanslåing av to klinikkar vil det i dei fleste tilfelle vere behov investeringar.

I saka som vart lagt fram til politisk behandling i februar vart det bedt om 12,5 mill. kroner. Dette skal gå til utstyr, og dersom det måtte bli utfallet, til ombygging av Sykkylven vidaregåande skole.

Vi har no fått utvida leigeperioden i eksisterande lokale til ut 2021, noko som gjev oss noko større handlingsrom for å vurdere ulike løysningar.

Lønsamt

Om fylkespolitikarane vel å bygge om og etablere tannklinikken i eit bygg som vi eig sjølve, vil summen av dagens to leigeavtaler vere nok til å betale renter og avdrag på kostnaden til ombygginga.

Dette faktum er uavhengig om den samanslåtte klinikken blir lokalisert til Sykkylven vidaregåande skole eller til Stranda vidaregåande skule.