Slik må Domstoladministrasjonen (DA) ha kjent det då stortingsfleirtalet, beståande av oss i Sp, Ap, SV og FrP, nyleg annonserte at vi nektar å gå med på ei massiv sentralisering av norske tingrettar og jordskifterettar.

For no skulle det jo endeleg skje. Regjeringa hadde sendt ut på høyring strukturframlegget frå Domstolkommisjonen saman med eit noko moderert framlegg til strukturendring. I dette siste skulle dei fleste tingrettar vera berre såkalla rettsstader og ikkje lenger ha eigen sorenskrivar.

I praksis ein slags avdelingskontor og truleg trinn ein i ei framtidig nedlegging for mange av desse rettsstadene. Begge framlegga innebar altså ei storstilt sentralisering av tingrettane, og DA hadde større håp om å lukkast enn dei kanskje nokon gong har hatt før.

Stortinget hadde ein debatt om domstolane 28. mai. I denne debatten hadde eg sjølv to replikkar på justisminister Mæland, som handla om rolla til DA. I den første spurte eg om dette, ordrett frå referatet: «I sitt høyringssvar om domstolsstruktur skriv Domstoladministrasjonen at dei over fleire år har arbeidd for ein reduksjon i talet på tingrettar, utan å få politisk gjennomslag for meir gjennomgripande endringar.

Eg meiner at det er grunn til å mistenkje at den manglande satsinga som har vore på mindre domstolar generelt og manglande digitalisering av desse domstolane spesielt, er eit resultat av Domstoladministrasjonens eigen agenda om sentralisering. Dei ville vel ikkje føreslå for regjeringa å kaste bort pengar på domstolar som dei håpte å kunne leggje ned snart. Over år blir ein slik framgangsmåte til eit stort problem for Domstols-Noreg. Meiner statsråden at det er greitt at direktorat og forvaltningsorgan arbeider for sin eigen politiske agenda på ein slik måte at det går ut over dei tenestene dei har fått ansvar for å forvalte?»

Det vart laga sak i Rett24 av at Mæland var misnøgd med at eg kritiserte den tredje statsmakt, noko DA vitterleg ikkje er. Det påpeikte eg då også i min neste replikk. Men det er noko som er meir påfallande enn justisministerens samanblanding av DA og domstolane. Det er nemleg DAs eigen reaksjon på denne replikkrunden. Dei viser førebels inga evne eller vilje til å sjå på si eiga rolle og ta ei vurdering av om eg har eit poeng.

Det kjem heller ikkje noko frå den kanten som tilseier at dei har tenkt å forhalde seg til stortingsfleirtalet. Sjølv om dei er rykande ueinige med oss i strukturspørsmålet, er det jo Stortinget som bestemmer. Kva har dei då tenkt å gjera? Drive geriljakrig framover og motarbeide Stortingets vilje, til dømes ved å trappe opp bruken av felles leiing ved fleire tingrettar? Vil dei halde fram med å motarbeide ønske om digitalisering og bemanningsauke hos særleg mindre domstolar for å gjera dei mindre attraktive og lite effektive og dermed lettare å slå saman seinare?

Spørsmåla mine til Mæland har tydelegvis opprørt styret i DA, som (i tillegg til å vera frustrert over stortingsfleirtalets syn) i ein eigen uttale avviser samanlikninga mi av DA med eit direktorat. Eg sa då aldri at dei var eit direktorat heller.

Eg brukte denne formuleringa, som også er gjengitt over: «Meiner statsråden at det er greitt at direktorat og forvaltningsorgan arbeider for sin eigen politiske agenda …» Eg tykkjer det er lite tillitvekkjande at styret i DA bruker energi på å formulere eit tilsvar mot det dei trur er ein påstand om at dei er eit direktorat, utan å sjekke opptak eller referat frå Stortinget.

Denne ordbruken er for øvrig uansett det minste DA burde bruke energi på å diskutere. Det verkeleg interessante temaet no vil jo vera korleis DA vel å møte framtida for domstolane – om dei klarer å riste av seg skuffelsen og vende blikket mot dei oppgåvene dei skal gjennomføre for det mangfaldet av tingrettar som Stortinget vil behalde. Eg håpar det. Viss ikkje blir det slitsame rundar framover, og domstolane våre fortener betre.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!