Lesarinnlegg:

«Dagens lokale i Sykkylven er allereie for små, og kan ikkje utvidast til ein større tannklinikk»

Den siste tida har det i ulike media vore diskutert plassering av ny tannklinikk i Sykkylven. I denne debatten er det blitt satt fram ein god del påstandar, som det for ordskiftet sin del kan vere rett å klargjere.

Problematisk kryss: Sykkylven-ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) krev ny rundkøyring for å gjere trafikken tryggare, dersom fylkeskommunen vel å leggje tannklinikken i bygget bak han på biletet.  Foto: Nils Harald Ånstad

Meninger

Fylkestinget vedtok i desember i fjor å slå saman klinikkane i Stranda og Sykkylven. Hovudårsaka til samanslåinga var først og fremst å sikre eit godt behandlingstilbod til pasientane våre gjennom å rekruttere tannhelsepersonell til eit litt større fagmiljø, ikkje økonomi.

Dagens lokale i Sykkylven er allereie for små og kan ikkje utvidast til ein større tannklinikk.


Utsetter beslutning om tannklinikk i Sykkylven: – Jeg forstår ikke at de kunne finne på dette

Flertallet i fylkesutvalget opprettholder inntil videre tannklinikker både på Stranda og i Sykkylven. Samtidig ber de om mer utredninger om hva de vil koste å få på plass en trafikksikker løsning.


Leigeavtalen i Sykkylven gjeld ut hausten 2020, noko som har gitt administrasjonen tidspress på finne eigna lokale som skal romme den nye klinikken. Det tek tid å bygge om eit lokale til ein ny tannklinikk, samstundes som det også tek tid å skulle kjøpe nytt utstyr etter Lov om offentlege anskaffingar.

Einaste som var ledig

I arbeidet med å iverksette fylkestinget sitt vedtak, vart det i forslaget til lokalisering av ny klinikk vurdert tre alternativ; leige, ombygging av Sykkylven vidaregåande skule og nybygg. Det vart primært gjort forsøk på å finne ledige lokale i Sykkylven sentrum.

Dette lukkast vi ikkje med, og det var bakgrunnen for at fylkeskommunedirektøren valgte å legge fram ei sak til politisk behandling der han anbefalte ombygging av ledig areal i Sykkylven vidaregåande skole.


Ønskjer 12,5 millionar kroner til ny tannklinikk:

Slik vil fylkeskommunen løyse tannklinikk-floka


Kultur, næring og folkehelseutvalet (KNF) behandla saka om lokalisering, og bad administrasjonen om å gjere eit nytt forsøk på å lokalisere klinikken i leigde lokale. Det einaste ledige lokale som var eigna, var i lokala til leikeparken ved småbåthamna.

Tek sjølvkritikk

Her tek administrasjonen sjølvkritikk på at vi då berre vurderte funksjonalitet og storleik på areala samt tilgang til parkering, og ikkje vurderte tilkomst for mjuke trafikantar. Dette er det berre å beklage, spesielt til dei som må krysse den trafikkerte fylkesvegen.

I oppfølginga av ny sak til fylkesutvalet er det stadfesta at det framleis ikkje er ledige lokale i Sykkylven sentrum. Det einaste som ka

n bli ledig er «Sparebanken Møre-bygget», her ventar vi på ei avklaring frå eigar av bygget.

I staden for å foreslå på nytt å bygge om Sykkylven vidaregåande skule, jobbar administrasjonen no med å sjå på ei trygg kryssing av fylkesvegen og prøver å få til ein lysregulert fotgjengarovergang.

Behov for investeringar

Ved samanslåing av to klinikkar vil det i dei fleste tilfelle vere behov investeringar.

I saka som vart lagt fram til politisk behandling i februar vart det bedt om 12,5 mill. kroner. Dette skal gå til utstyr, og dersom det måtte bli utfallet, til ombygging av Sykkylven vidaregåande skole.

Vi har no fått utvida leigeperioden i eksisterande lokale til ut 2021, noko som gjev oss noko større handlingsrom for å vurdere ulike løysningar.


Bråk rundt ny tannklinikk i Sykkylven - politikarar tek til orde for å annullere kontrakt:

Reagerer på at tannklinikk er lagt til trafikkfarleg område

Fylkeskommunen har gått inn avtale om leige av nye tannlegelokale i Sykkylven. Problemet er at det ikkje er tilrettelagt for at born og unge kan kome seg trygt til lokala.


Lønsamt

Om fylkespolitikarane vel å bygge om og etablere tannklinikken i eit bygg som vi eig sjølve, vil summen av dagens to leigeavtaler vere nok til å betale renter og avdrag på kostnaden til ombygginga.

Dette faktum er uavhengig om den samanslåtte klinikken blir lokalisert til Sykkylven vidaregåande skole eller til Stranda vidaregåande skule.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meninger