Innan årsskiftet må kommunen slankast med 22 millionar kroner. Kommunedirektør Karl Andre Birkhol ynskjer hjelp frå innbyggarane med å finne moglege løysingar som kan betre situasjonen.

Jamvel om Fjord-folket sluttar opp om bøna frå kommunen, er det politikarane som må finne akseptable, nødvendige løysingar. Og det hastar. Arbeidet med budsjettet for neste år er i gang, og før mørkret set inn for alvor, må forslaget som skal fram for kommunestyret vere i balanse.

For dei som stod i brodden for kommunesamanslåinga, måtte det vere venta at økonomien ville kome til å spele ei viktig rolle. No har stadfestinga kome. Venteleg har også dei som tok over styringa frå årsskiftet, vore klar over at arbeidet som venta ville påføre kommunen betydelege utgifter.

Nokre forsøk på å rette opp økonomien, har kome; som sal av ein barnehage i Stordal, ein tidlegare kraftverksbygning i Valldal og skulebygningen i Tafjord. Etter det som har kome fram i media, har prosjekta eit økonomisk potensiale på 7,5 millionar kroner, samla.

Før Fjord vart ein realitet, våga eg meg frampå med ei anbefaling om at Stordal, Norddal og Stranda burde knyte den eksisterande venskapen endå tettare. Målet kunne vere at folket på indre Sunnmøre ved ei folkerøysting kunne vise vilje til å inngå ekteskap.

Spørsmålet om regulering av kommunegrensene har truleg ikkje vorte mindre, etter kvart som tida har gått. I alle høve er det fleire – slik eg meiner å vite – som ser for seg ei grenseregulering i fjordområdet, framfor eit hopehav mellom naboane på kvar side av Strandafjellet. Dette trass i at nære drøftingar på politisk nivå er i gang mellom Stranda og Sykkylven.

Så kan ein undre seg om kvifor ein mann godt inne i pensjonisttilværet, viser interesse for kommunegrensene på indre Sunnmøre.

Som hevda før er det mykje som taler for å gjennomføre eit strammare nærskap mellom Fjord og Stranda. Kommunane har i mange år utveksla tenester, og næringslivet kan vise til både glede og nytte av samarbeid.

Her sikter eg i første rekke til det ekspansive reiselivet, som av mange er sagt å vere på full fart inn i ein vekstalder utan sidestykke. For å kunne møte den venta «gullalderen» trengst det eit nært og effektiv samarbeid mellom sterke aktørar. Dette finst det eksempel på for indre Sunnmøre. Også historisk sett. Her kan knytast til at vegen med nasjonal turiststatus på Sunnmøre strekker seg gjennom Geiranger og Norddal.

Dei geografiske vilkåra taler til fordel for ei regulering: For dei som bur i Geiranger, som er ein del av Stranda kommune, er det sjølvsagt å køyre gjennom Eidsdal i Norddal for å kome til kommunesenteret. For innbyggarane i bygdene Norddal og Stordal er det like sjølvsagt å passere Liabygda, som høyrer heime i Stranda. Slik har det vore, slik er det også i dag.

Det kan vere aktuelt å trekke fram glimt frå historia; Stordal og Stranda var ein kommune fram til dei skilde lag i 1892, Norddal og Stranda var saman om reiselivssatsinga «The Golden Route» i fleire år frå 1992, og fjordbygdene hadde i generasjonar felles lensmann, prost og distriktslege. I nyare tid finst det fleire eksempel på at kommunane kjøper og utvekslar tenester frå kvarandre.

Frå rikspolitisk hald er signala om at små og mellomstore kommunar bør slå seg saman, vel kjende. Somme har fylgt rådet. Ikkje alle er like glade for det. Resultata er delte. For Stordal (940 innbyggarar) og Norddal (1.630 innbyggarar) vil folketalet i Fjord ligge godt under det regjeringa har vurdert som ideelt. Også med Stranda (4.570) i tillegg, ville indre Sunnmøre bli vurdert som mindre enn ein mellomstor kommune.

Storleik er ein ting, trivsel og nytte minst like viktig.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!