Nok ei sjokkmelding frå dei styrande i Ålesund kommune. 50 stillingar i grunnskulen skal vekk.

Første store og alvorlege steg i arbeidet med å få økonomien i kommunen inn på eit betre spor råkar med full styrke ei gruppe tilsette som har sitt arbeid på «grasrotnivå». Sjokkerande, men slett ikkje overraskande etter kvart som vi har oppdaga dei prioriteringar administrasjonen ønskjer å gjennomføre.

Eg vågar påstanden: Lærarane er ein av berebjelkane innan ei teneste kommunen skal levere overfor aldersgruppa 6–16 år. Kvar einaste av dei stillingane vi i dag har innan dei skulane kommunen har ansvaret for, er i høgste grad behov for. Vi veit at utfordringane i det einskilde klasserom er store og mangfaldige.

Vi treng den lærartettleiken vi møysommeleg har bygd opp over år. Reduksjonar og nedskjeringar vil råke alle elevar, truleg aller mest dei med dei største behova. Eit reknestykke: 50 stillingar vil rundt rekna utgjere mellom 40 og 50 mill. på årsbasis. Truleg er dette eit av fleire steg når det gjeld stillingar som skal vekk innan skular, SFO, barnehagar, helse og omsorg, barnevern m.m. Tankane om nedlegging av m.a. skular lurer truleg rundt hjørnet.

Budsjettet for 2020 vart vedteke for nokre få månader sidan. Kva har endra seg sidan då? Pengane renn ut, kjem det frå politikarhald. Kvar renn elva ut? I dette opplegget med kutt i lærarstillingar– frå 0–7 pr. grunnskule – får vi lite vite om årsakene og ikkje minst verknadene. Det vert sagt at Ålesund ligg noko over normtala for landet elles.

Skulane med sine tilsette, og ikkje minst foreldra, må her engasjere seg for fullt i høve dei 77 politikarane som har teke på seg å styre kommunen vår. Eller har dei overlate det meste til dei tilsette i administrasjonen? Kutta er dramatiske, sterke ord vert nytta og det med rette. I mange klasser er tolærarsystemet godt innarbeidd.

Alle elevgrupper får kvar meir lærarressurs. Dette vil høgst truleg lette på behovet for ulike former for spesialundervisning. Færre elevar kan verte karakterisert som klientar og stigmatiserte. Eg er også redd for at tiltak i høve mobbing og i høve til dei med sterke individuelle behov blir svekte. Omdisponering innan kvar skule sine budsjett er heller ikkje enkelt. Materiell, utstyr og midlar til vedlikehald er nok nedpint og toler heller ikkje kutt.

Konklusjon: Eg kan meine. Eg kan skrive. Eg kan peike på. Eg kan ikkje vedta endringar. Eg appellerer difor til politikarar, skuletilsette, foreldre, elevar og andre i samfunnet vårt som vil vere med på ein drusteleg protest. Ein protest retta mot dei framlegg som no er lagt fram for grunnskulen i vår nye og robuste (?) kommune. Elevane og samfunnet vårt fortener at denne protesten fører fram.

Politikarane si oppgåve er ikkje enkel, men slett ikkje umogeleg. Difor ber eg på vegner av alle grunnskuleelevar i Ålesund at ein finn andre alternativ til eventuelle innsparingar i det vedtekne budsjettet. Desse alternativa finst. Grip sjansen. Set politikarspor i denne saka.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!