Og eg er «sveltefôra» på musikk med norsk tekst i radio og TV. Eg høyrer også at språkvitarar og andre ekspertar ikkje er så urolege for språket som eg er, dei seier at språket vårt utviklar seg heile tida. Og det er sikkert rett, men me treng vel ikkje å få alt på engelsk for det. Ikkje eingong musikk med tekst frå våre naboland høyrer me lenger på norsk radio og TV. Og dei skulle vel kulturelt stå oss nærare enn England og USA?

Eg vart i grunnen heilt forferda då NRK M & R berre skulle spele norsk musikk i morgonsendinga si til støtte for norske utøvarar som måtte avlyse sine konsertar pga. koronaviruset. Og der var ca. 95–96 % musikk med engelsk tekst. Det var bra musikk for all del, og dyktige utøvarar. Engelsk er eit flott språk som eg likar, men eg likar norsk endå meir. For det er eg fødd med, og det er identiteten min.

Språket vårt vert «angripe» frå alle kantar av det engelske språket, i arbeidslivet, filmar, radio og fjernsyn. Og då hadde det vore ei «lise» å få slå på radioen og spele musikk med norsk tekst. Så la oss i det minste forsøke å bevare noko av språket vårt i musikken vår.

Kvar morgon sit eg å høyrer på sendingane på NRK lokalsendingar, og håper på å få høyre musikk på morsmålet mitt. Men vert skuffa nesten kvar einaste morgon. Men optimisten i meg håper på at neste morgon så kjem der musikk i norsk språkdrakt, og ikkje i engelsk.

Om det skjer veit eg ikkje, eg berre håper.

Og sånn er det omtrent over heile fjøla i norske radio- og TV som sender musikk. Omtrent all musikk er med engelsk tekst, enten det er norske artistar eller ikkje. Og det er nesten ein sensasjon om NRK sender nyare musikk med norsk tekst. Og er der noko på norsk, så er det som regel eldre musikk. Kva skjer med språket vårt? Er det ikkje godt nok lenger for å lage musikk. Eller er dei som sit med «makta» i desse radio- og TV stasjonane som vel vekk musikk med norsk tekst?

Så eg spør: Finnes der ikkje norsk musikk med norsk tekst av nyare dato?

Om det ikkje gjere det, så er det alvorleg for språket vårt. Då bør det ringe fleire bjøller.

Og eg er redd for at det norske språket er døyande i norsk kultur- og musikkliv. I alle fall sånn synest det for meg som meinigmann, når eg lyttar på norske radiostasjonar og ser på norsk TV stasjonar. No er det omtrent berre NRK som er ekte norsk. Dei andre er meir eller mindre eigde av utanlandske eigarar.

Det kan då ikkje berre vere engelskteksta musikk som har den kvaliteten man er ute etter. Sjølv om der er mykje bra musikk på engelsk, så er det ikkje det einaste språket som det vert laga god musikk på. Så la oss få litt variasjon i språket i songtekstane, men aller helst meir norske tekstar.

Eg har sendt fleire bekymringsmeldingar til NRK M & R, men dei bryr seg ikkje om å svare eingong. Eg meiner at dei som statskanal har eit særleg ansvar for å fremje musikk med norsk tekst. At dei bør oppmuntre unge norske tekstforfattarar og musikarar til å nytte det norske språket i si fulle breidde. Slik at me kan få eit meir variert musikkbilde i radio og TV i framtida. Og ikkje berre engelsk tekst.

Så eg oppfordrar alle radio- og TV stasjonar til å spele meir musikk med norske tekstar, og også med svenske, danske, færøyske eller islandske tekstar. Eller andre språk for den slags skuld. Ikkje berre engelske teksta musikk.

Ønsker eg å høyre musikk på norsk i dag, må eg enten kjøpe platene/CD/iTunes/Spotify og liknande, eller leite dei fram på YouTube. Det er vel og bra, men eg skulle helst ha hatt det på norske radio- og TV stasjonar.

Misser me viktigheita av språket vårt, så er me berre ein liten koloni i det engelsktalande verda. Me misser identiteten vår, og til dels kulturen vår. Me forsvinn i mengda, og vert endå mindre enn me er i dag. Det er min spådom. Og det fryktar eg skal skje.

Kvifor trur dokke at samane kjempar så innbite for å få behalde språket sitt. For å bevare kulturen og identiteten sin, og å kunne fortelje sitt folks historie på sitt eige språk.

Eg håper verkeleg at me ikkje kjem dit om ein generasjon eller to, at me ikkje klarar å fortelje historia vår til våre barne- og oldebarn på eit språk som dei forstår. At me må snakke eit kvasiengelsk slik at dei forstår oss.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!