Vi hugsar og at eit sosialdemokratisk styre resulterte i at Noreg, i ca. 1970, hadde utvikla av dei høgaste levestandardane i Europa. Men statsministeren budde i treroms husvære i Sofies gate og sykla på jobb.

Så vart det oljefest og alt gjekk bra. Vi vart rikare og rikare, og politikken i landet svinga temmeleg kraftig til høgre. Eg seier ikkje partiet Høgre, men politikken høgre. Og desse politiske kreftene fekk etter kvart folk til å tru at stort er best. Spesielt vart det forfekta at landet vårt var administrativt delt inn feil. Her var for mange fylke og eit umåteleg overskot av små kommunar. Og dermed dukka det opp planar om samanslåing av kommunar og nedskjering av tal på fylke. Rett nok var det mange som protesterte mot samanslåing og nedlegging. Men planleggarane, for det meste politikarar med djuptenkt teoretisk bakgrunn, nytta høvesvis enkel matematikk for å overtyde resten av politikarfleirtalet.

Grunngjevinga var grei: Det er til dømes billegare å organisere undervisninga for ei gruppe på 30 elevar enn to grupper på 15 -. At elevane bur på to eller tre øyar betyr berre at det trengst båtskyss for å få ordninga i stand. Elles hadde forståsegpåarane som sagt sine erfaringar frå tettbygde strok. Dermed var det dei same spesialistane som såg til å få endra utdanningssystemet for lærarar. Lovene som styrer lærarutdanninga vart endra slik at allmennlæraren vart vekk. Men almenlæraren var den som i stor grad hadde lagt heile grunnlaget for ei positiv utvikling i bygdenoreg. Og ho eller han var den som sørga for at folk kunne byggje og bu på øyar og i små bygdelag langs kysten vår. Men ny lærarutdanning ser til at den vesle bygdeskulen vert vekk, og folk vert tvinga til å flytte.

Vi opplever, med andre ord, at valde politikarar, utan å fortelje heilskapen til veljarane, gjennomfører ein storstilt plan for sentralisering. Og sidan dei styrer med ryggdekning i eit politisk fleirtal, vert planane deira gjennomførte. Deira eigen grunngjeving er gøymd, men lett å forstå: Det er enklare å tene gode pengar om folk bur tett. Og dei som i dag bur på små plassar med lite folk, får sjå til å flytte. Og så er det nokre som tykkjer at dei som bur i Finnmark bør få seie si meining om administrasjonen av Finnmark. Høyrt slikt? Vi har då folk i Oslo som kan alt betre. Vi har teoretikarar som har lese gilde bøker. Det er slett ikkje sikkert at dei vore på Finnmarksvidda eller på Runde. Men det er dei som legg planane for utviklinga av Noreg.

Det vil ikkje undre nokon om skuleplanleggarane er økonomar og byggjer på det berande prinsippet i all høgrepolitisk tenking: Sentralisering er lik effektivitet. Ålesund kommune er eit overlag klårt eksempel! Plan for den nye storkommunen: Større lærartettleik. Resultat i nye Ålesund: Reduksjon på 50 lærarar. Kva skal desse 50 gjere? Kommuneadministrasjonen vonar at reduksjonen skal skje utan oppseiingar. Budsjettreduksjon i grunnskulen for «nye kommunen»: 125 millionar Administrasjonen kan ikkje forklare korleis alle problema skal løysast, men kvar skule fekk fire dagar til å redusere 1 til 4 stillingar.

Det må vere rett å spørje: Var det planlegginga av heile samanslåingsprosjektet som ikkje var god nok? Situasjonen er såpass vanskeleg i Nye-Ålesund at ein viss statsråd seier: «Det er kommunestyret og den politiske ledelsen som må svare for sine økonomiske prioriteringer, ikke regjeringen.»

Så får vi andre seie: Var kan hende planlegginga for dårleg? Var kan hende ikkje ideen om samanslåing så god?