Verken regjeringa eller AP vil gje kommunane vetorett. MDG og Rødt støtta forslaget. Senterpartiet var med på å unndra vindkraft frå plan- og bygningslova, noko som i ettertid synest heilt feil. Eg håpar dette blir retta opp, slik at kommunane får siste ordet i slike saker i framtida.

Ein stor del av utbygde vindkrafta i Norge er i dag finansiert og eigd av private, og for ein stor del av utanlandske interessentar. Senterpartiet vil ha ei heimfallsordning for vindkraft slik det i dag er for vasskraft. Kanskje er det rett å vurdere ein naturressursskatt på vindkraft, som kjem kommunane til gode. Slik det er i dag, er det småsummar som blir gjeve til kommunane som kompensasjon for arealbruken og ulempene.

For utbygginga på Haramsøya burde det likevel – sjølv om desse forslaga ikkje vann fram – vere mogleg for regjeringa å lytte til lokaldemokratiet. Eit samrøystes Haram kommunestyre meinte det var gjort saksbehandlingsfeil og klaga på vedtaket. Konsesjonen vart gjeven i 2008, og situasjonen er ein heilt annan no. Kartlegginga av naturmangfaldet verkar å vere alt for dårleg og grunnlaget for å avslå klagen ikkje god nok.

Motstanden er stor og godt grunngjeve. Det er også varsla at motstandarane vil reise rettssak mot avgjerda. Det er sjeldan folk tyr til så sterke verkemiddel. Denne gongen går sindige kystbebuarar til drastiske mottiltak fordi dei meiner seg overkøyrt. FrP har varsla eit forslag om å stoppe vindkraftutbygging i saker som skal opp for domstolane.

Saka kjem ikkje til Stortinget før i haust. Fleirtalet våga ikkje støtte hastebehandling av ei så stor og prinsipiell sak. Det er ein usikker veg for vindkraftmotstandarane å gå rettens veg, og det bør vere unødvendig. Om og kvar ein skal bygge ut vindkraft er og bør vere ei politisk avgjerd. Det er eg samd med Raudt i. Men når saka no står der ho står, er det i alle fall mogleg å få utsett avgjerda gjennom ei prøving for domstolane.

Eg meiner det var mogleg å stoppe saka og imøtekomme klagen for olje- og energiministrane frå FrP, Freiberg og Listhaug, eventuelt med settestatsråd for Listhaug. Og det er mogleg for Regjeringa å gjere det no og ta den belastninga i vente på ein grundig gjennomgang og revisjon av konsesjonsregelverket. I staden for å «ofre» Haramsøya. Ei mellombels utsetjing i påvente av rettsavgjerd kan gje nødvendig handlingsrom.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!