Det vitnar om moralsk panikk og lite refleksjon når ein med eitt skal rive ned og øydelegge monument og statuar som ikkje passar inn med verdssynet vi har i dag. Er dette noko som er riktig å gjere? Slik utviklinga har vore dei siste vekene vitnar det om at humanistisk tanke er svekka i offentlegheita, og ein fornuftig debatt manglar.

Oddbjørn Hofseth Foto: Privat

Når ein jobbar som historikar er det ei problemstilling som stadig dukkar opp i forskinga: Klarer eg å lausrive meg frå tankesettet eg har i dag som er prega av samtida mi, eller klarer eg å lese og forstå ei historisk hending eller ein historisk person gjennom dåtidas verdssyn?

Viss ein skal rive statuar eller bygg som kan knytast til noko ein ikkje er samd med ifølgje dagens verdisyn, kor skal ein då sette strek? Bør vi styrke vakthaldet ved Stortinget, Fram-museet på Bygdøy og Eidsvoll-bygget?

Eidsvoll-bygget er eit nasjonalt monument, som måleriet på Stortinget, og feirar ein viktig historisk hending, der ein mellom anna gjekk inn for å diskriminere religiøse grupper i Noreg. Som om ikkje det var nok, så står den såkalla Jødeparagrafen som paragraf 2, og står på 17. mai-grunnlovas første side.

Når det gjeld Amundsen og Nansen, hadde dei truleg tidstypiske idear om forskjellige folkeslag, som ikkje er noko å feire i dag. Men likevel vonar eg at Fram-museet får stå i fred.

I Ålesund har vi grunna den lokale historia eit syn på keisar Wilhelm II av Tyskland som bryt med dei fleste andre sitt syn på denne mannen, han sjåast helst på som ein despot og ein krigshissar. Vi har til dømes ein stort monument over han i byparken, og ei gate ber namnet hans. Er dette riktig? Bør vi bytte namn på gata og rive monumentet?

Monument over Keiser Vilhelm II i byparken i Ålesund. Foto: Eskild Flydal

Berlin er ein fantastisk spennande by når det gjeld dette temaet. Det er ein by der ein vert minna på ei særs vanskeleg historie kor enn ein snur seg, ei byvandring i Berlin er som å vasse i ei historie av blod og angst. Skal vi rive Tempelhof flyplass fordi naziarkitekten Albert Speer teikna den?

Skal vi rive det sovjetiske sigersmonumentet fordi det kan knytast til despoten Stalin? Skal vi rive Checkpoint Charlie fordi det vitnar om ein lite menneskevennleg politikk? Kor går grensa? Ein kan og spørje seg kva for ein funksjon eit monument eller statue har eller bør ha, og prøve å sette sjølve monumentet inn i ei samtid. Skal vi rive pyramidane i Egypt fordi dei er bygd av slavar? Skal vi rive gamle religiøse monument fordi dei vart nytta til menneskeofring?

Den humanistiske refleksjonen og kunnskapen om den viser seg nok ein gong å vere skremmande svak i offentlegheita. Det å nytte notidas ideal i møte med fortida er ikkje gangbart. Symboltunge og ureflekterte handlingar som kjem i kjølvatnet av ei viktig og tragisk sak kan derimot øydelegge for ein sakleg debatt rundt det opphavlege temaet. Som vanleg taper refleksjonen og den humanistiske debatten av politisk styrt moralsk panikk.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!