Rosekyrkja: Biletet viser noko av rosemålingane i kyrkja, utførte av Vebjørn Hammarsbøen frå Hallingdal. Figurane bak i biletet viser apostlane.  Foto: Aud Farstad

Synspunkt:

«Kulturarv – ikkje noko for barn og unge?»

Dei siste månadane har eg, på oppdrag av Fortidsminneforeininga på Sunnmøre, vore med å lage ei gaidbok for Rosekyrkja i Stordal. Det har gjeve meg mykje å tenkje på.

Eg vil understreke at eg ikkje sit i styret for foreininga, og at eg skriv dette på eige initiativ. Det er mine eigne synspunkt og tankar eg gjev uttrykk for.

La oss ta fakta først: Fortidsminneforeininga, som er den eldste friviljuge foreininga i verda som framleis er i drift, har eigd Rosekyrkja sidan 1908. Initiativet til kjøpet kom frå ein av arkitektane som var med å bygge opp att Ålesund etter bybrannen, Jens Z. M. Kielland. Han engasjerte seg mot å rive den gamle kyrkja, Rosekyrkja. Det kampen vann han. Dette var den første vernesaka på Sunnmøre. Som Øystein Ekroll skriv i boka om sunnmørskyrkjene: «Berre ein generasjon tidlegare var 7–800 år gamle kyrkjer blitt rivne utan at korkje fagfolk eller bygdefolk reagerte på det».


Sommarsong i Rosekyrkja på olsokkvelden

Kyrkjehola Kulturbeite ynskjer velkomen til sommarkonsert.


Rosekyrkja vart bygd på dugnad og stod ferdig i 1789. Før dette var det ei fleire hundre år gammal stavkyrkje på staden. Brukbart materiale frå stavkyrkja vart nytta om att, og mykje av interiøret frå stavkyrkja er også å finne i Rosekyrkja.

I tillegg er Rosekyrkja dekorert av Vebjørn Hammarsbøen, ein kjend folkekunstnar og rosemålar frå Hallingdal. Han og broren dekorerte fleire kyrkjer, men no er det berre Rosekyrkja som står att.

Rosekyrkja i Stordal er altså eit kulturminne som truleg har ei 800 år gammal historie. Kyrkja er sjølvsagt den viktigaste turistattraksjonen i Stordal og no også i Fjord kommune.

Det førre informasjonsheftet som foreininga har om kyrkja, er frå 1989 og er utseld. Ein treng ei bok som kan fortelje det ein veit om kyrkja no. Men det er ikkje gratis å lage ei informasjonsbok, sjølv om ho korkje er stor eller prangande. Så ein må søkje om pengar. Og det er her det tankevekkjande kjem inn.


Stordal:

Gåver bergar spektakulær kyrkje

I fjor la fylket nokre kroner i skåla. Nyleg kom to bankar med meir slik at Fortidsminneforeningen no ser langt lysare på livet.


Det har vist seg svært vanskeleg å få nok pengar til produksjon og trykking. Den lokale banken som Fortidsminneforeininga på Sunnmøre har brukt i alle år, har til og med avslått to gonger. Korkje eg eller foreininga ventar å få ja på alle søknadar, men det er også nokre underliggande premiss her som det er verd å sjå nærare på.

Både offentlege og private sponsorar legg stor vekt på å gje pengar til tiltak for barn og unge. Og det er sjølvsagt vel og bra. Oppveksten til barn og unge er vitalt for eit samfunn. Men kva er det som gjer at idrett er så viktig for barn og unge, men ikkje kulturarven? Kva er det med idretten som set han i ei særstilling? Treng ikkje barn og unge også å kjenne kulturen sin?

Eller er det rett og slett slik at dei som sit og avgjer kven som skal få pengestøtte, sjølve er kulturlause? Kyrkjene er dei viktigaste kulturminna vi har i landet. Kyrkja og kristendomen har prega nordmenn i tusen år. Om ein trur på Gud eller ei, er fullstendig irrelevant i denne samanhengen.

Eller kan det vere at religion no er blitt så kontroversielt at ein skygger unna også den kristne kulturarven for ikkje å støyte nokon eller for ikkje å gje ein religion fordel framfor ein annan? I så fall er det skandaløst.

Kristendomen er vevd inn i kulturen vår, i språket og i kvardagen. Det er sant at den har hatt mange skuggesider–kva for regime har ikkje det? Men den har gjeve meining i tilværet for generasjonar på generasjonar av nordmenn. Kulturminna er der ikkje for turistane, den er der for oss. For at vi skal forstå kva for land dette er–og har vore. Dersom vi ikkje forstår det, er vi i sanning kulturlause.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!