Det langstrekte fjellet ligg som ein hatt på ei særmerkt strandflate med god og grasrik jord.

På alle Nordøyane har vi spor etter ei viktig hending i geologihistoria. Det er kollisjonen mellom kontinentplata vår, Baltica og det som no er Nord-Amerika og Grønland – Laurentia som geologane kallar det. Det hende for om lag 435 millionar år sidan då dette området låg sør for ekvator.

Under denne kollisjonen vart det falda opp ei stor fjellrekke som geologane meiner kan ha vore minst 10 000 meter høg. Den same fjellrekka vart sliten ned av naturkreftene gjennom periode på 80 millionar år.

I geologisk samanheng er det berre augneblink, men sett frå ein menneskeleg horisont er det ei æve.

Gneisbergartane på Nordøyane vart då, saman med andre bergartar, pressa meir enn 100 km ned på djupet og utsette for temperaturar på 700 til 800 grader.

På Nordøyane kan vi i dag finne restar etter rotsona av denne mektige fjellkjeda i form av spektakulære bergartar som eklogitt, granat-peridotitt og granat-kyanitt-gneis. I desse bergartane er det funne sjeldne mineral som mikrodiamant og coesitt, og øyane blir stendig vitja av geologar frå heile verda.

Norskehavet opnar seg

For rundt 60 millionar år sidan sprakk jordskorpa i området mellom Nord-Amerika/Grønland og Noreg. Dei to landplatene byrja å drive frå einannan, og Norskehavet opna seg. Samstundes lyfte landet seg opp og store elvar rann ut i havet.

På si ferd mot havet førte vatnet med seg sand og grus som samla seg opp i tjukke lag på havbotnen og bygde opp kontinentalsokkelen.

Dei store elveleia frå Tertiærtida la grunnlaget for dei viktigaste fjordsystema vi har no.

Landet vårt fekk i denne perioden hovudformene slik vi kjenner dei i dag.

Fjellflata på Haramsøya er ein nedsliten rest etter landflata i Tertiærtida. I dag kan vi framleis gå tur på denne vakre landflata og oppdage korleis landet og fjellet er blir forma både gjennom geologisk tid og no på dramatisk vis i vår eigen tidshorisont. Det er berre ei halv sanning at «Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå», som Ivar Aasen ville ha det til.

Istidene

Om vi hoppar over nokre titals millionar år og går heilt opp mot vår eiga tid, kjem vi til istidene i Kvartærtida.

Gjennom istidene vart endå meir lausmasse frakta ut i havet utanfor kysten.

For 20 000 år sidan låg isen heilt ut til kontinentalsokkelen, og Haramsøya var dekt av tjukk is. Isen grov ut fjordane mellom øyane og gav fjella på øyane den forma vi ser i dag.

For om lag 12 800 år sidan hadde storisen smelta raskt ned og Haramsøya og dei andre Nordøyane kom fram. Store isfjell kom drivande langs kysten og hadde med seg steinblokker frå Austlandet som i dag ligg strødde i terrenget på øyane. Havet stod då 34–35 m høgare enn no.

Det er «plogspor» etter isfjell på havbotnen utanfor Nordvestlandet. Under nedisinga var det sjølvsagt uleveleg for menneske på Haramsøya, men somme plantar og dyr fann fort vegen hit.

Menneska kjem

Etter ein stopp i smeltinga i ein kortare kuldeperiode for 10 300 år sidan, steig landet fort opp or havet, og vilkåra for menneskeleg busetnad på Haramsøya vart gode.

For rundt 9000 år sidan stod sjøen seks meter lågare enn i dag. Vi veit at for meir enn 8000 år sidan budde det folk på to av dei andre Nordøyane og på Baraldsneset, så dei var nok komne til Haramsøya også.

Dei første levde av marin jakt og fangst og for vide i store område–også langt inn i fjella. Seinare slo dei seg til med fangststasjonar i lune viker og sund i eit nærområde. Haramsøya er såleis ei øy i eit landskap som har hatt ein av verdas eldste samanhengande kystkulturar. Mange undrast i dag på om vi framleis har ein kystkultur på Møre.

Storeggaraset og tsunamien

Det enorme undersjøiske Storegga-raset for litt meir enn 8000 år sidan og tsunamien som følgde rett etter var ei dramatisk hending i geologisk rom og tid og ikkje minst eit omfattande inngrep i menneskesamfunnet på den tida.

Om lag 3000 kubikkilometer lausmassar rasa utover havbotnen i Norskehavet.

På Nordøyane er det funne tydelege spor etter den mektige flaumbølgja som velta inn over land og let etter seg tjukke lag med sand.

Raskanten ved Storegga utgjer i dag ein av dei rikaste fiskebankane i verda og eit unikt ynglingsområde for mange fiskeartar og næringsgrunnlaget deira. Det er ein kombinasjon av det varme vatnet frå Golfstraumen og den spesielle kantformasjonen på havbotnen som i dag er grunnlaget for dette viktige økologiske reservoaret og kysten som ein god stad for menneske.

Fiskarbonden

Det er vanleg å rekne med at jordbruket kom inn for om lag 4000 år sidan. Dette var ei stor omvelting av levemåten til folk.

Med jordbruk og husdyrhald kunne folk på Haramsøya få meir kontroll over matproduksjonen, og det utvikla seg smått om senn til ei ny livsform som har halde seg nesten heilt fram til vår tid: fiskarbonden. Det har handla om fiske og fangst og einfelt jordbruk–ei produksjonsform som på ulike teknologiske nivå gjekk føre seg gjennom tusenvis av år.

Fiskeplassane på havet utover mot Storegga vart oppfatta som ei forlenging av garden og jorda på land. Gardane på øyane hadde sine eigne «marker» på havet, til dømes Haramsmarka. Tilsvarande var det for Flem, Longva og Fjørtofta.

Og utkoma av jordbruk og fiske må i periodar ha vore god. Det største gullfunnet i Nord-Europa frå Yngre romartid, datert til om lag 300 e. Kr vart gjort av Andreas Haram i 1968 i ei mannsgrav på Arnfinngarden på Haram.

Det var ein stor armring av gull og to fingerringar. Det var også ein kvinnering av gull i grava og ein medaljong i gullblekk som har vore pressa over ein romersk mynt. Til saman var det 625 g reint gull.

Kva no?

Etter kvart kom industrien, mykje av han har vore knytt til det maritime, men også i landbruket er ein industriell produksjonsmåte på veg inn for fullt.

Nordøyvegen knyter snart øya til fastlandet. Digitale samband og nettverk skaper nye samhandlings-, samværs- og produksjonsformer.

Så kan vi til slutt spørje: Kan kunnskapen om korleis Haramsøya og menneskesamfunnet her blei til–med dei ulike fasane i ein av verdas eldste samanhengande kystkulturar–vere til inspirasjon for korleis vi i dag tek hand om og forvaltar landskap og ressursar til beste for oss sjølve og dei som kjem etter oss?

Kjelder:

Dyrkorn, Harald (1998): Nordøyane frå istid til vikingtid. Skarnes: Eige forlag. (Tilgjengeleg online hos Nasjonalbiblioteket).

Haram kulturhistoriske lag (2018): Fleire artiklar i Nærsamfunnet i kulturhistorisk lys. Årbok for Haram kulturhistoriske lag 2018. Brattvåg: Hatlehols grafiske AS

Larsen, Eiliv; Klakegg, Ove; Longva, Oddvar (1988): Brattvåg og Ona. Kvartærgeologisk kystsonekart. Forklaring til kartet. Trondheim: Norges geologiske undersøkelse.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!