Lesarinnlegg:

«Ope brev til leiinga i Møre og Romsdal politidistrikt»

I mitt 42-årige liv har eg hatt stor respekt for politiet. Eg har rett nok ikkje hatt så mykje med dei å gjere, sidan eg bor i ei lita grend ved namn Rogne og kriminalitet er noko som skjer andre stader.

Haramsøya: Frå demonstrasjonen på Haramsøya.  Foto: Staale Wattø

Meninger

Politiet har for meg vore ein av viktigaste og tjukkaste søylene som demokratiet og tryggleiken i Noreg er tufta på. Dei har heile tida har fått meg til å føle meg trygg og gitt meg kjensla av at eg er verna mot overgrep. Heilt fram til no.

Torsdag 11. juni er den dagen då politiet reiv ned grunnfjellet av tillit som har blitt bygd millimeter for millimeter i gjennom heile mitt liv. Og det vart gjort på snaue 5 timar. Det har vore mykje motstand mot vindkraftverket som er planlagd på Haramsøya, og det har vore demonstrasjonar mot bygginga. Blant anna hadde ein grunneigar blokkert vegen til fjellet slik at anleggsmaskinene ikkje kom fram, medan han flytta seg for bønder som har vegrett og vil forbi.


Sunnmørsposten meiner:

Verdig motstand mot vindkraft



Innsatsleder på Haramsøya: – Riktig å stille kritiske spørsmål

Innsatsleder Karl Jonas Volen har vært med å stanse voldelige sammenstøt i Oslo. Han synes storaksjonen på Haramsøya var tøffere mentalt.


Sidan det var ein juridisk tvist mellom grunneigar som blokkerte veien og utbygger, var eg sikker på at denne kom til å bli avgjort via ein domstol. Då kunne ein vere sikker på at lovene var følgd og rettsikkerheita teken i vare.

Så feil tok eg. Torsdag føremiddag fekk eg melding at politiet hadde aksjonert og fjerna bilen som blokkerte veien. Eg for direkte frå jobb til Haram, der aksjonen føregjekk, for dette måtte eg sjå med eigne auge. Der vart eg møtt av fleire politibilar med blinkande blålys og betjentar i både uniform og i sivil.

Det har vore både ulukker og til og med mord her ute på øyane, men aldri har eg sett eit slikt oppmøte av øvrigheita. Eg må seie at det gjorde eit svært sterkt og svært djupt inntrykk.


Thue: – Slaget er ikke tapt

Hans Petter Thue går i ettermiddag tilbake til jobben sin som misjonær, men varsler at slaget ikke er tapt.


Etterkvart fekk vi demonstrantane lov til å gå føre maskinene i ein gå-sakte aksjon oppover mot fjellet. Demonstrantane gjekk føre med politi, følgjebilar og anleggsmaskiner lenger bak.

Vi som gjekk føre var folk i alle aldrar. Vaksne med born på skuldrane, ungdom, pensjonistar, kvinner og menn. Nokre var kjenningar, andre framande. Det heile var ei surrealistisk oppleving. I ettertid har tankane gått i retning av at det heile verka som eit abstrakt rollespel. Ein slags sjuk rekonstruksjon av ein dødsmarsj der folk i uniform jagar ei lita gruppe, til lyden av rusande motorar og stålbelter som knasar i grus og stein.

Eg vil presisere at eg ikkje på nokon måte klandrar representantane frå politiet som var sett til å gjennomføre aksjonen.

Eg trur tyngda av dei mykje heller ville ha vore i småskulen for å fortelje om jobben politiet gjer, og korleis ein skal oppføre seg i trafikken. Problemet mitt derimot er om eg i framtida møter ein politibetjent vil eg kjenne eit stikk av ubehag og gå ein omveg.

Eg veit at under uniforma er eit heilt vanleg menneske som berre vil meg vel, men uniforma strålar ikkje lenger av tillit og tryggheit lenger. Berre autoritet.


Medvind for vindkraftmotstanderne i Motvind

På seks måneder har den ferske organisasjonen Motvind fått 11.983 medlemmer og samlet inn millioner til kampen mot vindkraft.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!




Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meninger