Fredag den 5. juni hadde kona mi og eg æra av å stå ved sidan av Tricia Bouttè-Langlo då ho gjorde si stemme høyrt i ein fredeleg protest på Joachim H. Rønnebergs plass utanfor Ålesund Rådhus. Vi var seks personar totalt.

Vi skulle ha vore fleire. Og opphavleg kunne vi ha vore fleire, då det var planlagd eit arrangement i regi av Redd Barna og Ålesund Press denne dagen for å protestere mot rasisme og dødsfallet til George Floyd.

Men arrangørane fekk nei, av smittevernomsyn? Kunne ein ikkje ha tillate ein demonstrasjon for femti personar, slik rettleiinga frå myndigheitene no legg opp til? Var det verkeleg ikkje mogleg å samarbeide med arrangørane for å få heldt protesten som samtidig ville ha respektert smittevernreglane?

Fridomen til å ytre seg, til å protestere mot urettvisa, er for meg ein av dei kjæraste rettane eg har som menneske. Terskelen for å hindre ytringar og å hindre fredfull protest, skal vere høg. Den skal vere vesentleg høgare enn den terskelen Ålesund kommune viste med å seie nei til arrangementet fredag den 5. juni.

Samtidig veit vi at Ålesund kommune sine politikarar har prøvd å blokkere SIAN (Stopp islamiseringen av Norge) sin like grunnlovsfesta rett til å demonstrere og ytre si meining. Om ein aldri så mykje er usamd med SIAN, så må det offentlege ordskiftet òg romme deira stemme. Ytringsfridom er ikkje enkelt. Det skal ikkje vere enkelt. Å blokkere stemmer vi ikkje liker, er minste motstands veg – men det gjer oss kollektivt fattigare og trampar på den Grunnlova vi smykkar oss med kvar 17. mai.

Fy, Ålesund kommune.

Sunnmørsposten skal ha ros for å ha tatt ballen, og snakka med Bouttè-Langlo om hennar røynsle som afroamerikanar. Hennar røynsle er noko inkje menneske skal måtte oppleve. Dei viser kvifor det er mange som no er ute i gatene.

«Mørke kan ikkje drive ut mørke, berre lys kan gjere det. Hat kan ikkje drive ut hat, berre kjærleik kan gjere det», sa Martin Luther King jr.

Legg til rette for fredeleg protest og ytringar, Ålesund kommune. Det er dykkar fordømrade plikt.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!