Sivert Aarflot (1759–1817) var ein pioner for opplysning og demokratisering gjennom medieverksemd. Han var gardbrukar og omgangsskulelærar i Ørsta – og frå 1798 lensmann i Volda. Med basis i eiga boksamling skipa han i 1797 eit lånebibliotek for allmugen. Så tidleg var det eit eineståande tiltak.

Per Halse, professor ved Høgskulen i Volda. Foto: Priivat.

Som lensmann kjøpte Sivert Aarflot garden Ekset ved Voldsfjorden og busette seg der. Her starta han i 1809 og 1810 både det første prenteverket og den første avisa på landsbygda i Noreg. Dermed var det ikkje lenger berre embetsmenn eller andre frå høgare sosiale lag som kunne få tekstene sine trykte.

Norsk Landboeblad gav folket på Sunnmøre og langt vidare utover lesestoff som dei tidlegare ikkje kjende. Ifølgje Jostein Fet slår Aarflot-avisa tidleg på 1800-talet «ein kile inn i den kompakte kristelege oppbyggingslesnaden åt folk og fører Bygde-Noreg til møtes med moderne emne som historie, geografi, naturkunne, ja, til og med dialektar og språkhistorie».

Arvingane på Ekset vidareutvikla avisa med økonomisk og politisk stoff, og det var viktig i skuleringa når vi fekk formannskapslover med lokalt sjølvstyre frå slutten av 1830-talet. Allereie for over hundre år sidan skreiv presten Johannes Barstad varmt om opplysninga som stråla ut frå verket etter Sivert Aarflot:

Ho hev i 100 år vore ein ljosspreidar her ikring som fåe andre ting. Vetle Ivar Andreas Åsen fekk nok augo sine fyrst upplatne fyr det boklege her hit på Egset – med prenteverket og boksamlingi. Og når so mange av Årflotætti vart dugande menn (og kvinnor med som Berte Kanutte) til å skriva fyr seg utan skule so var det prenteverket som var skulemeisteren deira.

Den lærde og dugande «mangevitaren» Hans Strøm var sokneprest i Volda frå 1764 til 1779. Han sådde viktige frø i interesserte ungdomar som Sivert Aarflot, men flytta så vidare til feitare kall på Austlandet. Ivar Aasen fekk basen sin i hovudstaden og ruvar som me veit i den nasjonale soga. Me kan berre spekulere på kva det hadde vorte av han om han ikkje i unge år hadde fått tilgang til bøkene og heile medieverksemda i det nære grannelaget.

«Den fjerde statsmakt» har hatt ein opplysande, kontrollerande og kritisk funksjon i fleire hundreår. Tiltaka som Sivert Aarflot fekk i stand er framståande døme på korleis media kan opne opp og gje nye grupper av folket tilgang til kunnskap, kulturell kapital og makt. Allmenn opplysning, demokrati og respektfullt ordskifte i ope lende er verdiar me treng å ta vare på. Det vert ein dagleg minte om når både høg og låg tvitrar falske nyhende, og når ulike grupper bryggjer meir eller mindre grumsete idear og haldningar i eigne «ekkokammer» på nettet.

Ved dei par siste namngjevingane av hus ved Høgskulen i Volda har Sivert Aarflot vorte vraka for å gje plass til kvinnenamn. Både Berte Kanutte Aarflot og Synnøve Riste var føregangskvinner som det er verdt å minnast og å ha respekt for. Berte Kanutte var aktiv i Hauge-rørsla og skreiv populære salmar i første halvdel av 1800-talet. Synnøve var mål- og kvinnesakskvinne og ein engasjert frigjeringsagent i dei sterke kulturbrytingane i 1880-åra.

Når det no er eit mediehus som skal få namn, er det særleg relevant å framheve innsatsen åt Sivert Aarflot. Det regionale mediearbeidet og utdanninga i Volda står i ei direkte linje frå og stor takksemd til den banebrytande avis- og prenteverksemda som vart starta på Ekset for over to hundre år sidan.

På høgskuleområdet er Sivert Aarflot i dag «the missing link» mellom Hans Strøm-huset og dei andre husa med personnamn. Ved å gje det nye huset hans namn får me ei logisk tids- og påverknadslinje med dagrenninga frå aust til vest: Frå opplysningspresten Hans Strøm (1726–1797) via Sivert Aarflot (1759–1817) til dottera Berte Kanutte (1795-1859), oldebarnet Synnøve Riste (1858–1889) og vidare til nordfjordingen Henrik Kaarstad (1865-1927).

Etter samanslåinga av distriktshøgskulen og lærarhøgskulen i Volda i 1994 vart det midt mellom dei to tidlegare institusjonane bygt eit nytt hus for mellom anna sams bibliotek, kantine og administrasjon. Dei tilsette og leiinga ved skulen gjekk inn for at nyehuset skulle kallast opp etter Sivert Aarflot, men etter benkeforslag i styremøtet vart det i staden Berte Kanutte-huset.

Etter det styrevedtaket skreiv høgskulenestoren Jostein Fet eit avisinnlegg under overskrifta «Kva gale har Sivert Aarflot gjort?» Fets eige svar var dette: «Ingen ting anna enn at han i 1759 var så uheldig å vere fødd hankjønn».

No er tida inne for å gje minnet om Sivert Aarflot den æra som det fortener.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!