Eg vonar svaret er nei, for det heiter Holmenkollbakken, Mjøsbygdene og sunnmørsdialekten. Regelen er nemleg slik at når eit særnamn, Mjøsa, vert slege saman med eit samnamn, bygdene, skal særnamnet stå i ubunden form.

Difor skal det ikkje heite Jeløya-plattforma. Ikkje Granavolden-erklæringa heller. Det rette er Jeløy-plattforma og Granavold-erklæringa. Dessverre ser det ut til at heile regjeringa, apparatet rundt henne og dei fleste media manglar denne «grunnleggende ferdigheten i norsk», som regjeringa elles er så frenetisk oppteken av.

Dersom me no skal innføre regjeringa sin språkpraksis, må det heretter heite til dømes Nordøyavegen eller Nordøyanevegen, Hjørundfjordenfjella, Kvivenvegen, og Vegsundetbrua.

Førebels er faren for at det skal skje, ikkje så stor, får me vone. Lat oss våge å tru at både Vegsundbrua og Hjørundfjordfjella vert både ståande og heitande nettopp det nokre år til. Men dersom regjeringa og dei fleste media held fram med å marknadsføre sin eigen «grunnleggende språkinkompetanse», er det fare på ferde.

Eg har allereie lese om Dagbladet-redaktøren. Står Sunnmørsposten-redaktøren for tur?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!