Etter mange si meining betyr at dei største cruiseskipa, dvs. dei med fleire tusen passasjerar om bord, vil vere borte frå verdsarvfjordane om 5–6 år! Dette har skapt stor bekymring i deler av cruisenæringa og i bedrifter og kommunar som har satsa på «Big cruise» og tener pengar på denne trafikken. Stranda og Aurland er kommunar der storcruise har vore eit dominant innslag i turistbildet.

I april i år la Sjøfartsdirektoratet fram ein rapport til KLD (Klima- og miljø dep.) der dei rår til at fristen for å innføre 0-utslepp vert forlenga til 2030. Grunngjevinga er dei negative samfunnsøkonomiske konsekvensane dei meiner vil bli resultatet om storbåtane vert utestengde frå UNESCO-fjordane.

Teknologimiljø og deler av maritimt næringsliv i Nore som t.d. 62 Grader-Nord, Havyard Group ASA og NCE Maritime Cleantech, har med utgangspunkt i stortinget sitt 2026 vedtak, satsa store summar på å utvikle ein grøn teknologi basert på m.a. batteripakkar, metan og Hydrogen. Dei meiner at dei kan oppfylle 0-utsleppskrava lenge før 2026 ved bruk av mindre skip. Difor går dei sterkt imot at stortinget skal forlenge fristen til 2030, noko dei meiner vil forsinke teknologiutviklinga, overgangen til 0-utsleppssamfunnet og det grøne skiftet.

På bakgrunn av Sjøfartsdir. sin rapport og tautrekkinga som har oppstått mellom ulike interessegrupper, inviterte statsråd Sveinung Rotevatn i KLD til eit såkalla innspelsmøte. Verdsarvrådet var og invitert og takka ja til å delta.

Verdsarvrådet som var samla til møte i Voss 23-24.6, vedtok ein uttale i saka som er sendt statsråden og KLD. Der seier Rådet at det vil vere uklokt å forlenge fristen og rår til at 2026-vedtaket vert ståande. Ein frist som er til å stole på representerer ei form for risikoavlastning som er heilt nødvendig for dei som går i front og investerer i ny og banebrytande miljøteknologi. Suksess er avhengig av at næringslivet, finansmiljøa og offentleg sektor løfter vi flokk.

I eit lengre perspektiv ser ikkje Verdsarvrådet på bortfall av storcruise som eit problem. Tvert imot opnar dette opp for nye moglegheiter og ein type cruiseturisme som er berekraftig. Dagens cruiseregime er ei form for masseturisme som er eit trugsmål både mot verdsarven, mot miljøet og mot levande lokalsamfunn. Folketalsutviklinga i Geiranger illustrerer dette på ein utvitydig måte: Samtidig som talet på cruiseturistar har auka, har talet på fastbuande i bygda gått ned! Det viser at næringa manglar økonomisk berekraft! Ordføraren i Stranda peika sjølv på dette paradokset i eit møte med næringsministeren sist vinter: «Det er ikkje forureininga som er den største utfordringa i Geiranger, men den negative folketalsutviklinga».

Den nye og alternative modellen representerer ein kombinasjon av store og små skip. Storbåtane vert ankra opp utanfor innløpet til verdsarvfjordane der dei vert kopla til landstraum. Deretter vert passasjerane lasta over i mindre skip med plass til nokre hundre passasjerar som går lydlaust og sporlaust inn til ulike hamnar i verdsarvfjordane. Dette er båtar som er bygde ved norske verft, kontraherte av norske reiarlag og bemanna med norske sjømenn. Både arbeidarar og verksemder betaler skatt, arbeidsgjevaravgift og moms til Noreg. Med andre ord, verdiskapinga og arbeidsplassane blir att i vårt eige land, og ikkje i utanlandske skatteparadis som no.

Å vere om bord i slike stillegåande og sporlause fartøy gir og gjesten ei heilt anna og betre oppleving enn det dei får frå promenadedekka på mammutskipa. I tillegg vil mindre skip fordele trafikken i mindre porsjonar over større del av dagen, noko som er ein fordel for både turisten og tilbydarar av tenester på landsida.

Verdsarvrådet er difor usamde med Sjøfartsdirektoratet som hevdar at utestenging av storbåtane gir store negative samfunnsøkonomiske konsekvensar. Rådet meiner at Sjøfartsdirektoratet tek feil og at det er det motsette som skjer. Eit nytt cruiseregime, basert på mindre og sporlause fartøy vil når omstillinga er gjennomført, generere langt større verdiar. Verdiar som vert pløgde attende til lokale og regionale bedrifter og kommunar i form av skatt, avgifter og arbeidsplassar.

Difor er tida no komen for å endre kurs og satse på ei anna form for cruiseturisme i verdsarvfjordane. Ei form som er berekraftig, som ikkje trugar verdsarven og som gir grunnlag for vekst og utvikling i lokalsamfunna langs fjorden. Omstillinga vil ta litt tid men «vindauget» fram til 2026 er stort nok.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!