Lesarinnlegg:

«Ålesund kommune flaggar med regnbueflagg»

Ope spørsmål til ordfører Aurdal.

Pride: Har ordførar Aurdal sett seg inn i kva som står i Fri sitt politiske program, spør artikkelforfattaren.  Foto: Lise Åserud/Scanpix

Meninger

Gjennom media er vi gjort kjent med at Ålesund kommune vil flagge med regnbueflagget på Joachim Rønnebergsplass i sommar; dette ifølge ordføraren. Ho opplyser at det har blitt tradisjon i Ålesund å uttrykke støtte til mangfald på denne måten og at kommunen har støtta Pride-arrangement økonomisk dei siste åra.

Pride har berre 2 gongar tidlegare blitt markert med flagging i Ålesund; eg finn det difor rart å omtale dette som ein tradisjon.

Desse to gongane har deltaking i Prideparaden (ifl. media) samla mellom 4 og 5 tusen personar. Av desse har ein god del vore tilreisande. Til samanlikning har Bygdepride i Volda samla fleire i sine paradar; og Volda har som kjent langt færre innbyggarar enn Ålesund.


Dette får meg til å undre på om ordføraren oppfattar situasjonen slik, at fleirtalet av innbyggarane i Ålesund, støtter opp om flagginga med regnbueflagget?

Bak Pridearrangementa i Ålesund står den politiske interesseorganisasjonen Fri som er utgjer ca. 3000 medlemmer.

Eg lurer på om Ålesund kommune i framtida har plan om å opne for slik flagging og markering når det gjeld andre politiske interesseorganisasjonar?

Sett frå utsida synest Pride å handle om menneskerettar. At alle har retten til å elske den ein vil, at alle har rett til å vere den ein er. Og at alle har rett til likestilling og fridom frå diskriminering; uavhengig av livssyn, etnisitet, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og uttrykk.

Viktige verdiar som vi alle må kjempe for og hegne om. Og som eg og sjølvsagt støtter opp om.

Men; etter mykje debatt i media er mange kjent med at tankegodset som Fri står for, er langt meir radikalt enn folk flest er klar over. Også at Fri sin ideologi om kjønns- og seksualitetsmangfald er kamuflert i ukontroversielle tankar om mangfald, respekt og toleranse.


Astrup vil endre flaggloven

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) vil endre flaggloven slik at alle kommuner kan flagge under Pride.


Eg lurar difor på om ordførar Aurdal sjølv har sett seg inn i kva som står i Fri sitt politiske program?

Og viss ho har gjort det; så lurar eg på om ho støtter Fri og den ideologien dei kjempar for å fremme i samfunnet vårt?

Eg vil gjere merksam på at Fri uttrykker sjølv at Pride er eit middel for å fremme deira politiske program.

I paradereglementet står også at deltaking i Prideparaden ikkje må vere i strid med organisasjonen sine verdiar.

Eg trur ikkje eg er aleine om å stille spørsmålet; Bør nye Ålesund kommune på denne måten – ved å flagge med regnbueflagget – vise sin støtte til Fri? Og dermed til den ideologiserte og radikale identitetsteorien denne politiske interesseorganisasjonen kjemper for å fremme i samfunnet vårt?

Eg håper på eit utfyllande svar.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!