Eg er sjølv tilsett på båt innan oljeindustrien og har reist ein del i Nordsjøen og har enda til gode å sjå noko av dei oljeutsleppa du refererer til.

Derimot så forureinar vindturbinar, dei slepp ut tonnevis med mikroplast i havet og i naturen på land, som igjen endar opp i våre drikkevasskjelder, samt at dei drep våre utryddingstruga fuglar.

Over 100 havørner har til dømes blitt drepne av vindturbinar på Smøla sia oppstart der, vindturbinane i Tyskland drep årlig 1 200 000 kg det er 1200 tonn insekt. Tygg litt på det du Kari Fjørtoft, levetida for desse vindkraftverka er 20–25 år og i dag er det inga ordning på plass for gjenvinning av rotor blad som er laga av, blant anna produkt frå olje industrien og anna ikkje nedbrytbare materialar.

At mannskapet på riggane er borte frå familien i heile to veker er korrekt, men så er dei til gjengjeld heime i 4 veker, kven andre kan vise til slike arbeidsordningar?

Og kva med alle som driv fiske og sjøfart og dei som er borte på anlegg rundt om i Noreg? Trur du at dei som set opp desse turbinane er lokale entreprenørar?

Dei som set opp turbinane på Haramsøya er til dømes frå Stavangerområdet og må sikkert pendle, og har sikkert longt dårlegare avtalar enn dei som arbeider på rigg.

Skal vi stoppe alt arbeid som gjer at nokon er borte frå familiane sine nokre dagar?

Det har dessverre skjedd alvorlege ulykker i forbindelse med oljeutvinninga i Nordsjøen, men det skjer i all anna industri og i sjøfart elles – ikkje berre i oljeindustrien.

Dette er dessverre ein risiko ein må leve med og forsøke å gjere alle arbeidsplassar så trygge som mogeleg.

Du meiner så at vi skal kjempe for at det ikkje skal byggjast vindturbinar på Haramsøya? Der har du mange med deg, men samstundes oppmodar du til å støtte andre vindkraftprosjekt andre stader i landet. Så med andre ord så er det ikkje så nøye med resten av landet? Ettersom du har Fjørtof i namnet ditt så reknar eg med du er ifrå nærområdet, så her er det seg sjølv nærast med andre ord.

Vi treng absolutt ikkje og vil ikkje ha vindkraft turbinar korkje på land eller hav, historia vil vise det.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!