Fiskebåt Vest er ei regionforeining i Fiskebåt som organiserer havgåande fiskefartøy som held til i Trøndelag, Møre og Romsdal og tidlegare Sogn- og Fjordane.

Som styreleiar i regionforeininga har eg eit ynskje om å melde ei uro, på vegner av våre medlemmar og fiskarar flest, knytt til utviklinga av havvindindustrien som vi ser har kome for fullt til Norge og kysten vår.

Ålesund kommune si kommunestyrebehandling av Havsul 1 skaper også reaksjonar i regionforeininga.

Vi opplever eit behov for å kome til orde og bli høyrt i denne debatten.

Ikkje imot havvind

Havvind er noko som det for fiskeflåten blir stadig viktigare å ta stilling til. Vi har valt å vere konstruktive til ny næringsaktivitet i havrommet, og erkjenner at vi konkurrerer med andre næringar om areala på havet.

Fiskebåt Vest er difor ikkje i mot utbygging av havvind.

Verda treng fornybar energi, men vi er opptatt av at det blir vist omsyn til fiske og fangst i prosessen.

Vi meiner også at potensialet for meir fornybar energi i fyrste omgang burde vore henta ut gjennom modernisering og effektivisering av eksisterande vasskraft.

Det har vi ikkje gjort enno i tilstrekkeleg grad, noko vi stiller oss undrande til, sidan dette truleg både ville vore samfunnsøkonomisk meir kostnadseffektivt og gitt mindre miljøpåverknad i omgjevnadane.

I konflikt med fiskeria

Vi har likevel erkjent at det vil kome meir av vindkraft til havs dei neste åra, fortrinnsvis på stader som ikkje medfører ulempe for anna aktivitet som til dømes fiskeri.

Planlagde havvindutbyggingar som Havsul 1 kring Mørebankane, samt eventuell utbygging av arealet Sørlege Norsjø 2 kjem diverre i direkte interessekonfliktar med fiskeria.

Vi fryktar ubotelege konsekvensar og skadar dersom annan aktivitet og interesser ikkje blir tekne omsyn til i denne prosessen.

Fiske har ein drive med sidan tidenes morgon, og det er noko vi skal drive med for all framtid.

Fiske er eit klimatiltak i seg sjølv, sidan produksjon på havet er noko av den mest berekraftige og klimavenlege maten vi kan ete.

Det er avgjerande at Norge ikkje set bestandane sin evne til reproduksjon i fare ved å utsetje viktige gyte- og oppvekstområde for tiltak og negative miljøpåverknader.

For lite kunnskap

Når det gjeld Havsul 1-utbygginga så vil den kome i viktige gyte- og oppvekstområde for særleg norsk vårgytande sild, dertil også for torsk, hyse og sei.

Konsekvensar av ei slik utbygging på det marine miljøet veit vi framleis for lite om, sidan forskingsgrunnlaget er tynt, men havforskarar syner til at havvind blant anna medfører støy som gir auka fysiologisk stress for bestandane og svekker dyra sine evner til orientering og kommunikasjon.

Dette vil kunne påverke vandringsmønstera til bestandane og gyteadferden. Bekymringane knyt seg også til korleis produksjon av storskala havvind vil påverke sjøfuglbestandane som har ei viktig rolle i det marine økosystemet.

Sidan kunnskapen om konsekvensar av havvindutbygging er såpass mangelfull bør ein legge ei føre var tilnærming til grunn før ein bygger ut i enkelte område. Som minimum bør ein i alle fall kunne forvente ei skikkeleg konsekvensutgreiing for kvart prosjekt for å minimere utilsikta negative konsekvensar på det marine miljøet.

Stor matproduksjon

Dette saknar vi særskilt for Havsul 1, som no har fått ytterlegare utsetjing på utbygging til 01.01. 2025, trass i mange motsegner frå ei samla fiskerinæring, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, fleire kommunar og ei rekkje frilufts-, forvaltnings- og miljøorganisasjonar.

Sørlege Norsjø 2 (det aktuelle utbyggingsområdet) er større enn heile jordbruksarealet på Jæren, men ingen snakkar om å bytte ut dette produksjonsområdet for mat med ein vindpark.

Det er likevel ikkje noko skilnad å bygge ut Jæren samanlikna med eksempelvis Mørebankane. Det produserast store mengder mat begge stadar.

Like lite som ein kan flytte åkrane på Jæren opp i heiane kan ein flytte fisken vekk frå felta på Mørebanken.

Det er difor ikkje uproblematisk med vindkraft i enkelte havområde, og vi meina slik utbygging må vike for viktige fiskeriinteresser der det er interessekonfliktar.

Berekraft må vege tyngre

Omsynet til forsvarleg og berekraftig forvaltning av våre viktigaste fiskeressursar samt internasjonale forpliktingar kring sikring av bestandar må i våre auge vege tyngre enn omsynet til kostbar og sekundær vindkraft.

Det er behov for ein samla arealplan når det gjeld bruken av norske havområde for framtida, der fiskeriinteresser og andre interesser vert prioritert og blir tatt omsyn til. Forvaltninga bør nytte føre-var-prinsippet sidan konsekvensane av havvind for det marine miljøet framleis er særs dårleg belyst.

For vår næring gjeld dette i særleg i viktige gyte-, oppvekst- og fiskeområde for bestandar som ikkje berre er viktige for kystøkosystemet, men som også er viktige nøkkelartar i det oseaniske økosystemet.

Vi kan ikkje setje oss i ein posisjon der vi tillèt at eventuelle havvindprosjekt kan skade våre fornybare fiskeressursar og artsmangfaldet.

Dialog

Vind kan vere eit viktig bidrag i det grøne skiftet, men det knyter seg alltid visse utfordringar med etablering av nye næringar, så også for utbygging av havbaserte vindkraftverk.

For fiskerinæringa er ressursgrunnlaget essensielt, og det må bevarast, både med og utan turbinar i havet.

God dialog, og nært samarbeid med fiskerinæringa er i alle høve ein føresetnad for havvindnæringa dersom ein skal unngå dei store interessekonfliktane, samt sikre forsvarleg og berekraftig forvaltning av våre viktigaste fiskeressursar framover.

Det vil vere avgjerande for om desse to næringane kan gå framtida i møte sånn nokolunde hand i hand. Berre slik kan begge næringar segle i medvind.