Solfrid Sunde fekk i fylgje ein artikkel i Sunnmørsposten ikkje vera med bussen, trass i ho tilbaud seg å betala både med kort og kontantar.

Norske kontantar er etter norsk lov «tvungent betalingsmiddel». Dvs. at ein ikkje kan nekta å ta dei imot som betaling i Noreg. Om ein gjer det, er «skuldnaren» juridisk fri. Lova er ikkje oppheva.

Har då eit busselskap rett til å nekta ein betalingsdyktig passasjer å bli med bussen, når han/ho tilbyr seg å betale? Ein kan skulde på virus, men norsk lov står over slike reglar, dersom ikkje lovgjevar klart har vedteke noko anna.

I tillegg: Det er mykje verre for ein som har det travelt eller står utanfor siste bussen å ikkje få vere med, enn det er for selskapet å kjøpe ei flaske desinfeksjonsmiddel som sjåføren kan bruke på hendene.

Eldreforeininga opplyser at det er 200.000 eldre i Noreg som ikkje er flinke med IT. Dei vert ofte «gløymde».

Martin A. Engeset,Volda

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no