Sunnmørsposten hadde eit intervju med ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal 02.07.2020

Ordføraren sa: "Dei gamle, mindre kommunane hadde til dømes problem med å skaffe seg nok fagfolk. Dette er ei utfordring som blir lettare å løyse i det som no er den største arbeidsplassen mellom Bergen og Trondheim."

At små kommunar har problem med å skaffe seg fagfolk er ein påstand som ofte har blitt brukt, men dokumentasjon på at dette er rett har eg ikkje sett.

Eg vil derfor at ordføraren i Ålesund legg fram dokumentasjon som syner at påstanden ho kjem med er rett.

Ivar B. RoaldVigra