Statens vegvesen må tydelegvis har god kapasitet og mangel på oppgåver. Slik tolkar eg SV sitt siste utspel og framlegg til ny trase mellom Dragsundet og Ørskogfjellet. Framlegget er presentert tidlegare, og har med rette skapt ein del kommentarar i media.

Mi tolking av utspelet er relativt enkel: Her skal viktige prosjekt i vår region skubbast endå lenger inn i framtida.

Dragsundet – Ørskogfjellet + krabbefelt i Landedalen heng begge i ein tynn tråd for dei næraste åra. Mine tankar og framlegg i denne vegsaka er kort samanfatta:

1. Halde fast på vedteke traseval for E39 mellom Dragsundet, Landedalen og Ørskogfjellet.

2. Knyt riksveg 650 innover fjorden til E39 i Landedalen. Dette er viktig!

3. Start med å gjennomføre krabbefelt og gjerne oppgradering av vegen m.m. opp Landedalen – som ein del av «ny» E39.

4. Bygg ny veg Dragsundet – Landedelen – vidare til Ørskogfjellet.

5. Bruk ikkje meir tid og krefter på SV sitt nyaste framlegg.

6. Samstundes må Romsdalsaksen utgreiast, og eit nytt val for kryssing av Romsdalsfjorden kan gjerast. Møreaksen eller Romsdalsaksen må då veljast, eller kanskje også ferje.

7. Eg er så langt ikkje i tvil – valet bør bli Romsdalsaksen (argumenta for dette står i kø)

8. For alle tvilarar: Ei utgreiing av Romsdalsaksen vil vere nyttig for mange.

9. Dette siste prosjektet ligg ganske mange år fram i tid – så her kan SV bruke sin utgreiingskapasitet saman med uhilda aktørar.

10. Samle alle veginteresserte m.fl. i samla krav om at no må noko konkret skje.

Desse 10 punkta kunne sikkert ha vore supplerte og utdjupa.

Her er rikeleg å gripe fatt i for å ordne i denne største vegsak i sentrum av fylket vårt. La ikkje fogderiinteresser og andre utsetjande argument øydelegge for det som no trengst. Vilje, pågangsmot, samhald og ikkje minst midlar og gjennomføringsevne.

Lukke til

Ragnar Elias BakkenØrskog

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no