Takk for den fine artikkelen «Sunnmøres topp 10», der Dravlausegga er det første fjellet som blir presentert. Lokalt heiter fjellet Dravlausnyken, men elles er Dravlausegga eit godt namn.

Der er to nykar i Velledalen, det er Dravlausnyken og Vallanyken som ligg rett overfor Velle på andre sida av dalen. Ein eller annan fåviting ute i bygda fekk dei to fjella kartførde som Dravlaustua og Vellenakken!

Eg har sjølv vore oppe på Dravlausnyken. Det som slo meg var at det var mykje meir eit fjell enn det såg ut frå Fet, der vi opplever det meir som ein vegg. Som han sa, ein av Per-ane frå Skodje: «Sett slikt! Her stend'e fjellja på flate markiane».

Karakteren av ei egg kjem godt fram på det store biletet først i artikkelen, der vi ser ned på den langstrakte husklynga på Dravlaus og Velle.

Synd at de ikkje fekk med klyngetunet Fet, som har søkt seg saman i ei klynge for å unngå to store elvar, Blåbreelva og Velledalselva.

Det er sjeldan ein får sjå ei ørn ovanfrå, men det gjorde eg på Dravlausnyken, der eg stod på egga og såg utføre det flogbratte fjellet. Ei ørn patruljerte fjellsida på jakt etter dyr som hadde falle utfor stupet. Eg såg ned på den brune ryggen hennar.Men eg har også sett Dravlausnyken ovanfrå.

Eg var på Råna, grensefjellet mellom Velledalen og Hjørundfjorden. Råna er mest 600 meter høgare enn Dravlausnyken. Det var nesten slik at eg ikkje trudde mine eigne augo då eg timja Dravlausnyken 600 m lenger nede.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no