Vi har ikkje meiningar om leiaren i Volda Høgre sine synspunkt når det gjeld vindkraft. Det er på sin plass å stille spørsmål ved konsekvensane mange av vindkraftprosjekta får. Men dersom vi ser på resonnementet som har ført til oppmodinga om å bytte straumleverandør, vil vi seie oss sterkt usamde. Tussa AS er i hovudsak eigd av kommunane på Søre Sunnmøre. KLP eig ein minoritetspost i selskapet.

Tussa kan ikkje styre eller sanksjonere eigarane sine aktivitetar eller investeringar. Difor vert det både ulogisk og urimeleg å halde Tussa ansvarlege for KLP sitt engasjement i til dømes Trønderenergi. Å omtale Tussa som indirekte eigar av Trønderenergi basert på at KLP er aksjonær i begge desse selskapa er ei ulogisk slutning, som må stå for Kristiansen si rekning. Når vi i tillegg veit at Tussa ikkje er involvert i vindkraft, korkje direkte eller indirekte, får det heile eit preg av å rette bakar for smed.

Ytringsfridomen er noko av det aller mest verdifulle vi har i samfunnet vårt. Alle har ein rett til å seie meininga si. At folk nyttar forbrukarmakta si er generelt svært positivt.

Det kan vere mange vindkraftprosjekt som samla sett er uheldige for naturmiljø og lokalmiljø. Det er sunt og flott at folk engasjerer seg i desse spørsmåla.

Vi er som eigarar opptekne av å følgje opp Tussa og å sikre at dei som skal representere oss i styret både er engasjerte og arbeider til beste for selskapet. Vi er slett ikkje samde i at Tussa- kundar bør bytte leverandør. Å trekke Tussa inn i denne saka er både urimeleg og ulogisk, all den tid at dei ikkje er involvert i vindkraft. KLP sine økonomiske disposisjonar er noko Tussa ikkje kan gjere noko med. Tussa kan heller ikkje kvitte seg med KLP som eigar. Det er det elles ingen grunn til.

Tussa konsernet er ein stor og viktig arbeidsplass i regionen vår, og vi er opptekne av at Tussa skal utvikle seg og tilby gode produkt til innbyggarane. Då er det viktig med ein stabil kundemasse. Rein vasskraft er ei viktig kjelde til energi. Og det er det som er Tussa.

For eiga rekning vil ordførar og varaordførar i Ørsta legge til følgjande:

Det er ikkje lett for folk å skilje mellom «politikar, privatperson, fagperson» når «skinnet» er det same. Vi forventar at tilsette i leiande stillingar og kommunedirektøren er bevisst på dette.