Lesarinnlegg:

«Det Helse Midt ikkje fortel»

Kommunikasjonsdirektør Haukås i Helse Midt-Norge, har kronikk i Smp 29.6, om «Arbeidet med ny modell for inntektsfordeling» i det regional helseføretaket.

Press: St. Olavs hospital kjempar mot mot ei ny inntektsfordeling i foretaket, og forfattaren av innlegget meiner det er grunn til å tru at den endelege fordelingsnøkkelen blir justert etter press derfrå.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Meninger

Det som kjem fram der må utdjupast og supplerast. Finansieringsmodellen vart i 2011 endra både mellom dei regionale helseføretaka og i kvar region.


Kronikk:

«Arbeidet med ny modell for inntektsfordeling»

En arbeidsgruppe i Helse Midt-Norge arbeider nå med oppgave å oppdatere vår modell for hvordan vil skal fordele inntekter gjennom basisramme for våre helseforetak.


Dei lokale modellane vart utarbeidd på ulike måtar i regionane og det var absolutt rom for skjønn. Han skriv at det var stor semje om HMN sin modell, men slik var det ikkje, den skilde seg frå dei andre regionane, ved at regionsjukehuset vart meir prioritert. Modellen skulle evaluerast etter få år. Dette vart ikkje gjort, sjølv om det var etterlyst i styret i HMN.


Får neppe sletta gjelda

Frps krav om å slette Helse Møre og Romsdal si gjeld blir neppe vedtatt, mener helseprofessor.


Etter at modellen vart fast inn, har det fleire gonger blitt tatt opp at HMR fekk for lite midlar. I tillegg har HMN årleg unntatt fleire hundre millionar frå fordeling av rammer, til såkalla særfinansiering, også denne har gitt St. Olavs hospital vesentleg meir enn dei andre lokale føretaka. Særfinansieringa er tatt opp i brev frå Ålesund bystyre i 2019.

Haukås skriv at Helse Møre og Romsdal i perioden 2011–2019 hadde lågast aktivitetsauke av dei lokale helseføretaka, og vidare at HMR sin bruk av St. Olavs hospital har ført til at gjestepasientutgifter har auka frå 240 til 273 millionar i perioden 2015–2019. I dette ligg auke i bruk av St. Olav for pasientar i Kristiansund og nabokommunane etter val av tomt for SNR på Hjelset, frå 4204 pasientar i 2015 til 4576 pasientar i 2018.

Hindra utvikling

Faktum er at for Helse Møre og Romsdal har fordelingsmodellen, som fekk full effekt frå 2016, gitt store driftsutfordringar og hindra utvikling og investering. Unntaket her er utviklinga av SNR, som er garantert av HMN, men som like fullt krev omstilling frå HMR og forskyving av Utviklingsplanen for sjukehusa i på Sunnmøre.

I perioden med 2011-modellen, har HMR etter kvart blitt styrt meir og meir direkte av HMN. Det har hopa seg opp store underskot og drifta har berre vore mogleg ved hjelp av kassakreditt i HMN.



Tette band

Sentrale personar har veksla mellom posisjonar på St. Olavs hospital og HMN. Lite har vi høyrt om inhabilitet og jobbkarantene ved veksling mellom funksjonar og maktesløyse og skuffelse og mistillit er skapt, både i alle fall på Sunnmøre.

Så kom det ny nasjonal finansieringsmodell, kalla Magnussen 2, og ei gruppe var sett ned for å lage ny regional variant, dette initiativet kom altså ikkje frå HMN. I mellomtida, hadde nasjonale Samdata stadig dokumentert at HMR dreiv rimelegast, ut frå nasjonal DRG index. Denne gir midlar ut frå kompleksitet (og komplikasjonar) ved behandling.


Nå antydes det opptil 220 mill. mer til Helse Møre og Romsdal

Helse Midt svarer: Dette kommenterer vi ikke.


DRG index er uavhengig av behandlingsstad og regionsjukehuset får ekstra økonomiske rammer for sine spesialfunksjonar. Den nye modellen, basert på estimerte (utrekna og vurderte) vil gi meir pengar til HMR og HNT.

Må skjere gjennom

Dette kjempar naturlegvis St. Olavs hospital mot og vi har grunn til å tru at den endelege fordelingsnøkkelen blir justert etter press derfrå. Forslaget i gruppa er at modellen skal fasast inn i løpet av 4 år.

Her må HMN skjere gjennom og særfinansiere modellen alt frå 2021! Etter ferien, skal både den bygningsmessige utviklingsplanen for Sunnmøre og finansieringsmodellen behandlast og vedtakast.

Det vil bli opptil HMN å bruke denne moglegheita til å skape tillit og sørge for nok helsemidlar til befolkninga og i spesialisthelsetenesta på Sunnmøre.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!