Kronikk:

«Er økologisk sorg ei form for kjærleikssorg?»

«Tapet av artsmangfald, landskap og klimaendringar vil ha og har allereie dramatiske konsekvensar for folkehelsa»

Sorg: Tapet av naturverdiar skaper både sorg og raseri hos folk.  Foto: Tore Meek/ NTB Scanpix

Meninger

I skrivande stund blir det kjempa livsviktige kampar for å ta vare på norsk natur. Det gjer noko med oss å vere vitne til og deltakarar i raseringa av natur- og villmark, ikkje berre her heime, men òg på resten av heimen vår – den blåe planeten.

Tapet av artsmangfald, landskap og klimaendringar vil ha og har allereie dramatiske konsekvensar for folkehelsa.

Kuppa av kapitalkreftene

I Noreg er det snart ikkje noko villmark igjen, og lokalsamfunn (les Haramsøya i nordvest og det samiske folk i nord som døme) kjempar for å bevare heim og sårbar natur i kampen mot regjeringas symbolpolitikk.

Det grøne skiftet, eit omgrep som snart er kuppa av kapitalkreftene i alle ledd, kan ikkje og må ikkje innebere å rasere økosystem. Skal vi verkeleg rasere norsk natur for å drifte olje- og gassverksemd på vindkraft?

Vi opplever eit aukande behov for ein større debatt og kollektiv samtale om økologisk sorg og sinne, og frykt for klimaendringar. Stadig fleire barn, unge og vaksne kjenner på kompliserte kjenslemessige reaksjonar knytt til den eskalerande klimakrisa og naturøydelegginga.

Meining i tilværet

Ein større samtale om dette har blitt etterlyst i fleire kanalar. Derfor ønskjer vi å få fram ulike perspektiv på desse reaksjonane – og samanhengar mellom kjensleliv, avmakt, handlekraft og vår samtid.

I vår kultur, i heile spennet frå romantikarar og diktarar som William Wordsworth og Friedrich Hölderlin, til vitskapsfolk som psykoanalysens far Sigmund Freud, har vi tenkt på naturen som ei kjelde vi alltid vil kunne stole på, som vi alltid kan vende tilbake til.

Ei kjelde for å komme over krisene vi blir utsett for: ei kjelde til trøyst, til å hente nye krefter, til å ta tilbake meining i tilværet, gje livet ny fylde og friske fargar der alt er truga med å bli grått.

Slik våren eksemplarisk gjer med oss, gjer for oss: fuglane som vender tilbake og vekker oss med songen, knoppane på trea, dei første blåveisane, bekken som kjem til syne under den tinande snøen.

Frå trøyst til sorg

Det nye som vi prøver å setje ord på her, handlar om at naturen i løpet av vår levetid går frå å vere ei kjelde til trøyst når vi fortvilar og sørger, til å bli ein grunn til at vi fortviler og sørger.

Kort sagt, naturen går frå å vere det som hjelper oss over sorg til å vere det sorga handlar om; frå å vere det som lindrar sorg til å bli det som utløyser og held oppe den.

Meir presist er det ikkje naturen «som soleis» som forårsaka sorga her, men måtane naturen no forandrar seg på.

Vår rolle i at disse forandringane skjer, ei rolle som har form av delaktighet, ansvar og skuld, slik at når vi sørger over tapt, forpint og øydelagt natur, så sørger vi over noko som ikkje heftar ved naturen i seg sjølv, men noko vi har gjort med den, mot den, med dei konsekvensane vi no får oppleve. Konsekvensar som ikkje vi menneske aleine lid under, men i første rekke dei ramma artane og livsformene i naturen.

Sorg og raseri

I den ferske boka, «Det går til helvete. Eller?», løftar vi fram desse kompliserte kjenslene sett frå ulike perspektiv. Vi gir ingen svar på samansette spørsmål, men søker å utforske konsekvensane av natur- og klimakrisa gjennom personlege historier og populærvitskapelege knebøyingar.

Vi utforskar vår rolle som art og korleis vi betre kan ta vare på naturmiljøet. Eit sentralt poeng er at vi er mange som kjenner på sorg og raseri – og at vi utgjer ei stor kraft som yter motstand mot den øydelegginga vi er vitne til.

Denne motstanden er ein trussel for kapitalkreftene og regjeringa. Når skal leiande politikarar kjenne på den same sorga og indignasjonen på vegner av norsk natur – på vegner av livet som vi er så avhengige av?


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!


Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meninger