Han fortel at då Verdsarvrådet var samla på Voss mot slutten av juni, var det ikkje tvil om kva medlemmene meinte. Her var inga stemning for utspelet frå Sjøfartsdirektoratet om å forlenge fristen i fire år, til 2030. Sandnes meiner at direktoratet tek feil. Han ser for seg at eit nytt cruiseregime, basert på mindre og sporlause fartøy, vil generere langt større verdiar, som blir pløgde attende til lokale og regionale bedrifter og kommunar i form av skatt, avgifter og arbeidsplassar.

Verdsarvrådet er sett saman av representantar for bl.a. verdsarvkommunane. Sett på bakgrunn av dette synest det noko underleg at ordføraren i Stranda har ei anna oppfatning av problemet enn Verdsarvrådet. Han gir klart til kjenne at vedtaket ikkje bør gjelde før frå 2030, tidlegast.

– Vi er ikkje imot grøn teknologi, men for næringslivet i Geiranger og verdsarvfjordane, vil det vere ei katastrofe om vi blir råka av etterverknadene av koronapandemien og færre besøk av miljørestriksjonar, seier ordførar Jan Ove Tryggestad til avisa Sunnmøringen – etter eit videoskypemøte med klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn.

Statsråden ynskte å høyre korleis verdsarvkommunane stiller seg til utspelet frå Sjøfartsdirektoratet om at sluttstrek for nullutslepp eventuelt blir utsett til 2030.

Etter Tryggestad si meining vil teknologien for dei store cruiseskipa først vere tilgjengeleg i 2030–2035.

Geiranger har stått i fokus på fleire område dei siste dagane. Og no med gledeleg forteikn. Etter års venting – ikkje minst i spenning – har Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjent reguleringsplanen for verdsarvbygda. Godkjenninga er heilt i tråd med vedtaket i kommunestyret i Stranda.

Jan Ove Tryggestad jublar over departementet si landbaserte avgjerd. No meiner han at næringsliv og husbyggjarar kan rette blikket framover.

Rett nok har departementet stilt seg negativ til tanken om djupvasskai på Grande, men ikkje til prinsippet om at cruiseskip kan legge til kai. Vilkåret er at politikarane – ikkje minst lokalt – finn ei plassering som departementet kan stille seg bak.

Ein kan freistast å stille spørsmål ved kor sterkt ynsket om Grande var. I alle høve har hamnesjef Rita Berstad Maraak gitt uttrykk for at ho – og hamnestyret? – var førebudd på avslag, fortel avisa Sunnmøringen. Det kan derfor vere naturleg å spørje seg om kva hamnestyret vurderte som alternativ.

Med Kommunal- og moderniseringsdepartementet si avgjerd kan Geiranger få si cruisekai, rett nok på sikt. Vi vil tru at Grandestranda i så måte vil vere aktuell, også sett på bakgrunn av at departementet stiller seg positiv til ein strandpromenade langs den same strekninga.

Til så lenge får vi leve i trua på at der framleis vil segle stordampar (slik nemninga lydde i våre gutedagar) på fjorden. Og at somme av dei vil skape like stor interesse som «Norway» i si tid gjorde, på den tid den største av dei alle, – døypt som gromskuta var av kong Olav.

Vi trur det vil strøyme velvalde ord og bilde frå besøk av flytande hotell, også i tida som kjem. Som då den nasjonale pressa møtte mannjamt fram for å skildre den første turen for nye «Queen Mary 2» på Geirangefjorden.

Utan omsyn til nostalgi eller realisme, vil sikkert arbeidet med å jobbe fram ny teknologi halde fram. Her vil stikkord som nullutsleppsbåtar, auka straumtilførsel og hydrogen vere aktuelle tema.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!