Desse verdiane har over lang tid vorte sett under press. KrF vart i stor grad etablert for å vareta desse, men har over tid vorte ganske uklare i desse spørsmåla. Innan partiet er det nok dei som er usamde i vektlegging og prioritering. Sett utanfrå blir det heile litt uklart, og vi er mange som undrar oss kva blir vektlagt i dag.

Tidleg i april i år hadde Arnt Ove Tenfjord eit godt innlegg om kjønnsskifte. Han stiller mange gode spørsmål om korleis vi er komne dit vi er i samfunnet av i dag. Han peikar heilt rett på at vi har opna for eksperiment med ein heil generasjon som prøvekaninar, og at kjønn er ei kjenslesak.

Staten er i ferd med å med å opne for ein radikal ideologi, som godt kan vise seg som det største negative samfunnseksperimentet i vår historie. FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald, går fram med sin kyniske bodskap som set vaksne sine behov føre barns rettar. Denne ideologien blir no promotert i lovgivinga, i rettssystemet, i kyrkjer, i barnehagar og i heile skulesystemet.

KrF må protestere når staten opnar dørene, skriv Tenfjord. Ja, kanskje det var ein god ide. Utfordringa er jo ganske stor for lokalpolitikaren Tenfjord. Han må nemleg protestere mot sin eigen statsråd, barn og familieminister Ida L. Røse. Ho stod jo nettopp og hylla FRI og Pride, som er basert på den ideologien Tenfjord er skeptisk til.

Det stoppar heller ikkje der, men finansieringa av organisasjonen FRI vart jo gjennomført medan Kjell Magne Bondevik (KrF) var statsråd. Så organisasjonen har jo sitt finansielle grunnlag på plass nettopp gjennom KrF.

Dette spørsmålet er nok langt meir komplisert enn mange i KrF er klar over, eller vil vere klar over.

Tenfjord har heilt rett i at det går føre seg ein verdikamp, og den kampen går utover mange.

Likevel må vi stå i han, og vite at sanninga ligg der viss du tør å stå ved den.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!