Det har kome høyringsbrev frå Barne- og familiedepartementet med forslag om lovfesta krav til kompetanse i barnevernet med høyringsfrist 30. juni – dette har mange venta på.

Kravet i lovverket i dag er at tilsette i barnevernet skal ha forsvarleg kompetanse, men no er det foreslått endringar som vil gjere ein forskjell og løfte barnevernet.

På høg tid

Det er foreslått at alle som arbeider med kjerneoppgåvene i det kommunale barnevernet skal ha masterutdanning eller utdanning på tilsvarande nivå og det skal skje innan 2031.

Det er på høg tid at det blir innført slike kompetansekrav i barnevernet, men det bør skje tidlegare enn 2031 – for det hastar.

I tillegg meiner eg at den storstilte kompetansehevinga som det blir lagt opp til, må staten koste med gode vikar- og stipendordningar – gjerne etter same modell som lærarane har fått.

Stort kompetansebehov

Behovet for høg kompetanse i det kommunale barnevernet er stort. Barnevernet utøver offentleg mynde som kan vere av svært inngripande karakter.

Barnevernssaker er ofte kompliserte, og feil og manglar i tenestetilbodet kan få store og uopprettelege konsekvensar for dei det gjeld. Dette har kome fram gjennom ei rekke undersøkingar, rapportar, tilsyn, klager – også internasjonalt.

Under press

I tillegg viser det seg at mange tilsette føler enorm arbeidsbelastning og at det er stor turn-over i barnevernet.

Barnevernet er under press! Slik kan vi ikkje ha det lenger.

Ved sida av gode personlege eigenskapar, god kommunikasjons- og juridisk kompetanse må omfattande fagkompetanse om barn og unge ligge i botnen når barnevernsarbeidet skal gjerast.

Ofte krev barnevernssakene høg grad av analytisk kompetanse med å utøve skjønn – analysere og vurdere ei rekke omsyn der dei må vege forhold og argument mot kvarandre og der det overordna perspektivet er «Barnets beste-vurderingar».

Den normale vegen i utdanninga bør altså vere at ein master inngår i ei 5-årig grunnutdanning i barnevern. I tillegg er det i høyringsforslaget foreslått å vektlegge yrkeserfaring i barnevern slik at allereie tilsette med grunnutdanninga, kan oppnå kompetansen på masternivå med ekstra vidareutdanningar.

Dette er bra!

Det lovfesta kravet til utdanning bør ein ikkje venta med til 2031 som blir foreslått, men må kome mykje før- det hastar – jf., punktet ovanfor om behov, og kommunane og utdanningsinstitusjonane må kunne gjennomføre dette raskare.

Effekt av å styrke utdanninga

Med masterutdanninga blir det betre kvalitet på arbeidet i barnevernet, men det vil også styrke legitimiteten og statusen til barnevernet og det blir truleg mindre turn-over. Dessutan trur eg at det vil styrke søkinga til barnvernestudiet og trekke til seg fleire mannlege søkjarar som det er stort behov for i barnevernet.

Gode stipend og vikarordningar frå staten

Det bør også vere eit krav at kommunane må få tilgang på gode stipend- og vikarordningar slik at personale kan studere på deltid og jobbe ved sida av.

Ein kan t.d. ta i bruk den gode modellen for vidareutdanning som lærarar har – og at på kompetanseplanar for kvar enkelt tilsett blir utarbeidd slik at målet blir nådd så raskt som mogleg.

Men alt dette føreset lovendring og det er viktig at kommunane vurderer og støtter høyringsforslaget og stiller krav om gode rammevilkår for gjennomføring.

Det har både barna og dei tilsette fortent!

Alv WalgermoPensjonist, tidl. utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.