Dette er ein total skivebom frå Kristiansen si side, der han rettar bakar for smed. Det vil sei at han skuldar Tussa for nokon andre har gjort.

Viss det å ha ein aksjonær i Tussa som har ein eigarpost i eit anna selskap som igjen har ein eigarpost i eit selskap som er involvert i vindkraft skulle kvalifisere til at Tussa er involvert i vindkraft, vil dette medføre at nesten heile kraftnorge er involvert i vindkraft.

Dette fell på si eiga urimelegheit. Om Tussa hadde vore direkte på ballen når det gjeld å fronte utbygging av vindkraft, eller var utbyggar av vindkraft, hadde saka stilt seg heilt annleis. Tvert i mot så er Tussa ferdige med sitt vindkrafteventyr før det i det heile tatt har starta.

Tussa hadde i mange år planar om å bygge ut vindkraft på Gurskøya. Blant anna pga. stor lokal motstand, vart desse planane skrinlagde. Dette er å vise respekt for folket, og ta ansvar deretter.

Tussa har som selskap overhode ikkje tenkt å involvere seg i vindkraft i verken eigen regi eller på nokon som helst slags måte tenkt å gå i kompaniskap om slik utbygging. Tvert imot så har Tussa reindyrka vasskrafta og har dei siste åra, trass i dårlege statlege rammevilkår, oppgradert sine to største kraftverk til å utnytte vatnet som går gjennom turbinane på ein optimal måte.

Hadde staten sørga for same vilkår for vasskrafta som dei har gitt vindkraftindustrien, så hadde resten av kraftnorge kunne gått i Tussa sine fotspor og gjort det same.

I lys av dette så er dette angrepet frå Kristiansen mot Tussa, heilt urimeleg, og burde vore retta til Kristiansen sitt politiske overhode, nemleg landets statsminister. Ho er ein varm tilhengar av vindkraft, og er heller ikkje vidare interessert i å endre rammevilkåra for dei som vil modernisere kraftverka sine.

Det er ikkje vanskeleg å skjøne Kristiansen sin frustrasjon over hans eiga regjering sin energipolitikk, det er mange som for tida er ueinige i den. Det er vanskeleg å vite kven vreiden skal gå utover, alt medan det er eit samrøystes storting som står bak dagens utbygging av vindturbinar. Det vert likevel feil å la det gå utover ein uskuldig tredjepart, og det bør Kristiansen forstå og be om orsaking for.

Som lokalpolitikar i Volda og storeigar i Tussa, skit også Kristiansen her i sitt eige reir.

I desse koronatider er straumprisen for tida på eit historisk lågt nivå, og Tussa treng faktisk å behalde kvar ein straumkunde dei har.

Straumkundar som kjøper straumen sin på spotmarknaden, har dei siste 4 månadane nesten hatt gratis straum. Dette vil nok Kristiansen merke når han skal vere med på å vedta neste års budsjett for Volda kommune, når han skal sette posten for Tussa utbyte til mest sannsynleg 0 kr (null). Nei dette var ein skivebom frå Kristiansen.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!