Han grunngjev godt kvifor huset bør heite Sivert Aarflot-huset.

Eg er ikkje usamd med han i at Sivert Aarflot fortener ein slik heider, men er det ikkje minst like aktuelt om huset får namnet Jostein Fet-huset?

Ein større og meir allsidig intellektuell har Sunnmøre knappast hatt, og han har vore ein samfunnsbyggar av rang. Han har vore knytt til Volda og til høgskulen sidan 1958. Han var pådrivar for Distriktshøgskulen og undervisningsleiar der då DH starta. Det er ingen som kan måle seg med han når det gjeld innsatsen for og ved Høgskulen.

Og etter at han vart pensjonist har han flytta forskingsfronten i historie på feltet «literacy», forskinga om lese- og skrivekunnskap hjå allmugen.

Bøkene hans er skrivne med fortruleg kunnskap og stor vørdnad for vanlege menneske, og det i eit språk som står i ei særklasse. Den siste boka hans kom ut i 2015 og mannen er fødd i 1924!

I Store norske leksikon skriv dei mellom anna at Fet fekk Kongens fortenestemedalje i gull for ekstraordinær innsats i lokalpolitikk, institusjonsbygging, litteratursosiologi og innan folkemusikk.

Det er ein mann alle sunnmøringar – alle nordmenn – kan vere stolte av. Eg kan ikkje kome på nokon som betre fortener å få eit hus ved eit lærdomssete oppkalla etter seg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!