Kronikk:

«Kong Leopold og Fristaten Kongo»

«Det er sigerherrane som skriv historia» heiter det, slik var det før, og slik er det no. Å ikkje skrive, teie og leggje daudt og viske ut alle spor, er ein «usynleg» måte å skrive historie på.

Kongo: Museumsvakt Jean NDonga med rytterstatuen av kong Leopold II av Belgia. Fra hesteryggen har kongen utsikt til elven som ga hans koloni navn.   Foto: Jørgen R. Lohne

Meninger

For nokre tiår sidan fanst det mest ikkje eitt ord i historiebøkene om Afrika før den kvite mann historiebøkene. Egypt og litt Nord-Afrika var med, elles ingen ting.

I 1877 kom eventyraren, lygnaren, «sogeskrivaren» Henry Morton Stanley over frå Aust-Afrika og nedover elva Zaire, heilt til Atlanterhavet. (Les «Mørk safari» av Tomm Kristiansen.)

Kong Leopold II av Belgia, og medarbeidaren hans, Stanley, såg kva rikdommar dette området hadde og ville sikre seg det: Kopar, gull, diamantar, kobolt, uran, tinn, manganmalm og så vidare …

Og vips! på Berlinkonferansen (1884–85) vart Fristaten Kongo oppretta med kong Leopold II som største aksjeeigar. I 1899 «testamenterte» Leopold II alle rettane sine i Kongo til Belgia, og fekk 95 millionar francs opp i handa for det. Ha i minne at vi snakkar om er eit landområde på 2,3 mill. km². (Belgia er 30 528 km² .)


Belgias konge beklager overgrep i Kongo

Belgias kong Philippe kommer for med en dyp beklagelse over landets framferd som kolonimakt i Kongo. Det er første gang en slik beklagelse kommer.


Eg slår opp på Belgisk Kongo i Gyldendals Store Konversasjonsleksikon (1960) og les: «Det belgiske styret har vært karakterisert som mønstergyldig på grunn av de stabile politiske forhold og de, etter afrikanske forhold, gode materielle kår for de innfødte; men det er ikke tvilsomt at de innfødte også her har vært utbyttet grovt.»

« … ikke tvilsomt: Utbyttet grovt» er eit mildt uttrykk, for fristaten Kongo var i røynda ein enorm arbeidsleir. I The Washington Post / International Herold Tribune (9. januar 2002): «I åra frå 1885 til 1908 døydde minst 10 millionar menneske i fristaten Kongo, ‘victims of one of the modern world´s most terrible holocausts.’ Dette storstilte brotsverket har knapt vorte lagt merke til – ikkje noko minnesmerke, museum eller rop om «aldri meir!» (Adam Hochschild: «King Leopold`s Ghost.»)

Vidare: Dei grunnleggjande fakta i dette brotsverket har i lang tid vore kjent hos alle historikarar og personar med utdanning, men lærebøker og leksika har berre så vidt nemnt det. Denne kongelege eigedommen til Leopold II var ein påtvinga arbeidsleir. I meir enn 30 år dreiv desse væpna, kongelege råskinna kongolesarane til å levere elfenbein, verdfullt tømmer og rågummi. Straffemåtane er uhyggjeleg dokumenterte: Slavane, altså kongolesarane, fekk hendene kappa av, eller vart slegne i hel om dei ikkje greidde å fylle dei umoglege kvotane, leveransane, andre døydde av utmatting, hunger og infeksjonssjukdommar. Alt i alt miste halvparten av folket i denne svære regionen livet. Forfattaren set Leopold II i same bås som: Hitler, Stalin, Pol Pot og Idi Amin. Les: Joseph Conrad: Mørkets hjerte.


Brussel-gater med koloninavn døpes om midlertidig

En kommune i Brussel har bestemt seg for å bytte ut koloninavn med kvinnenavn på et knippe av byens gater i et halvt år.


Etter at kongen hadde kvitta seg med Kongo, sytte belgiarane og ein storstilt pr-framstøyt leia av konge Leopold II, for at «the great forgetting» sette inn. Verdssamfunnet let seg lure.

Ver ærleg: Visste du om dette folkemordet? Nei, det er ikkje ventande det, for vi veit att soga vert aldri sant fortalt. Det kom ut bøker om dette folkemordet, men stoffet kom ikkje i sogebøkene, det skulle ikkje verte kjent.

Kong Leopld II kom på sokkel, i stor målestokk, både her og der i åra utetter. Monarken skulle heidrast.

I dag vert statuar av personar med tvilsam fortid, fjerna frå sokkelen. Det er tankelaust og historielaust: Lat kjeltringen bli ståande på pidestallen sin, men syt for at ei tavle, godt synleg, fortel heile soga.


Hærverk mot statuar av belgisk kolonikonge

Fleire statuar av Belgias kong Leopold II, som i si tid styrte Kongo som den private kolonien sin, er utsett for hærverk.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!






Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meninger