For det er ikkje alle som feirar at hotella er smekkfulle i fjord og by. Ferske Norges-turistar har blitt ei plage for enkelte, sjølv om dei både legg att meir pengar enn cruiseturistar på flyktig visitt og klarer å gjere seg sånn nokolunde forstått på vårt eige morsmål.

Jan Erik Røsvik er samfunnsredaktør i Sunnmørsposten. Foto: Staale Wattø

Kva skjer? Jau, no har vi fått køar av ferske bubilturistar i ferjekøa, eller endå verre: Sneglande campingvogner frå 90-talet på fylkesvegar utan gul midtstripe. Og sanneleg har dei ikkje med seg telt også, og legg i veg i skog og mark som om det skulle vere full evakuering av tettbygd strok.

Attpåtil så trakkar dei i kø over Besseggen eller Romsdalseggen, eller vaglar seg yst på kanten av Trolltunga eller på toppen av Slogen.

Men det verste er at nordmenn viser seg å vere nesten like store noviser langs landevegen, i skogen og ferjekøa som spanske turistar i flip-flop-sandalar på veg mot Preikestolen.

Også nordmenn teltar inntil husnova på næraste kårstove, forstyrrar dyr på beite og må tilkalle hjelpekorpset for å takle høgdeskrekken så dei kan kome seg ned frå toppturen. Det skummar kvitt for baugen på redningsskøytene som må assistere ferske skjergardsjeep-reiarar. Redningsselskapet har hatt nær dobling av oppdrag i perioden 1. mai til midten av juli samanlikna med i fjor.

Heldigvis har ikkje det ført til fleire alvorlege ulykker, men likevel. Det er nok til at vi med svimlande moralsk sjølvtillit hevar peikefingeren høgt over dei som med overdriven tru å eigne ferdigheiter har sett seg sjølv i ei knipe eller trakka litt utanfor normal skikk og bruk i friluftslivet.

«Det er ingen menneskerett å gå topptur», «Har gitt opp å jage vekk folk», «Mer søppel her enn i fjor», «Hyttefolk frykter at sauer angriper hunder» og «Folk eier ikke dovett» er nokre smakebitar frå norske nettstader den siste veka.

Nei, ingen har rett til å trampe fram overalt utan å ta omsyn til andre. Er du uerfaren, så har du sjølv ansvar for å tilpasse utfordringane etter ferdigheitene, anten det er om du må rygge ein retro combicamp når du møter ein altfor breial bubil i Trollstigen eller du skal ut på din første topptur.

Og kjenner du ikkje til fjell- eller sjøvettsreglane eller kva plikter som følgjer med allemannsretten, ja så er det den første fordømte plikta ein har å gjere seg kjent med det.

Det handlar om å ta ansvar for seg sjølv, for fastbuande og medturister. Elles må andre ta ansvar for deg. Sjølv om det er sterkt diskutabelt, er det råd å forstå Fylkesmannen i Vestland sitt vedtak om forbod mot villcamping i Hoddevika.

Likevel, er det verkeleg så sjokkerande for oss at også nordmenn oppfører seg som turistar når dei er turistar at vi må finne fram den siste «skam-ordlista» for å fordøme andre?

I så fall: Ring Spania, Kreta eller Bulgaria, spør etter Magaluf, Sunny Beach eller kva dei heiter. Dei visste det frå før.

Min personlege favoritt er frå Algarve-kysten på 80-talet. Fire unge kvinner frå traktene rundt beste vestkant i Oslo, mellombels busett i naboteltet vårt, står midt mellom ferierande portugisiske familiar og gnir inn sine nesten nakne kroppar med sololje før dei skal på restaurant. Då spør den eine: «Trenger vi topper der?»

Poenget?

Vi har alle vore første gongs turist. Vi har alle vore langt heimanfrå og usikre på skikk og bruk, kva som er lurt og kva som er dumt, men vi lærer.

Bærumsjentene kom påkledd til restauranten, og er sikkert reisevane damer i slutten av 50-åra i dag. Dei sjokkerte portugisiske familiefedrar og mødrer som prøvde å skjerme småbarna best mogeleg den gongen. Men: Dei spurte og lærte.

Erfaring er ikkje noko vi blir fødde med eller som vi kan lese oss til. Det er noko vi får etter kvart som livet set oss på prøve med smått og stort.

Sjølv kor lenge vi har levd, er det ingen som ikkje møter nye utfordringar og problemstillingar der vi stiller heilt blankt.

Det bør vi som har fått ein turist i hagen vere så rause at vi forstår. Før vi hamrar laus med moralsk fordøming som stort sett berre tener til å gjødsle vår eiga sjølvkjensle, bør vi heller informere, gi gode råd og legge til rette så godt som råd.

Så skal du sjå, kanskje vi klarer å leve i hop likevel, som turist og fastbuande – kvar sin gong.