Vel heime etter vår faste runde i bygda for å plukke opp søppel les eg at verksemdleiar for veg, grønt og anlegg, O. Kongsvik og høgrepolitikar M. Molvær lanserer plan for ein reinare by.

Bra! Men har dei gløymt at Ålesund er noko meir enn byen?

Tettstader som Ørskog, slit diverre med same problemet. Her går frivillige faste ruter kvar veke og plukkar søppel, men vi rekk ikkje over alt og søppelkassene flyt over.

Vi betalar same avgifter som byfolket og krev sjølvsagt same tenestene, også når det gjeld rydding.

Det kan ikkje verte slik at byen får dagleg tømming av søppelbøtter og eigen ryddepatrulje medan bygdene må satse på gratis, frivillig rydding. Planen til Molvær og Konsvik bør sjølvsagt heite og vere: Ein reinare kommune, ikkje ein reinare by.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!