Når ein les innlegget til leiaren for «Foreningen Tryggere Ruspolitikk» i Sunnmørsposten 22. juni, kan det verke som om mest heile FN-systemet berre står og ventar på at Noreg endeleg skal avkriminalisere bruk av narkotika. Slik er det ikkje.

Ingen land har gjort dette før. Ingen land har avkriminalisert alle typar narkotiske stoff i så store brukardosar som det rusreformutvalet foreslår.

Det Noreg er juridisk forplikta av er verken kva personar i FN-komiteane eller kva FNs Høgkommisær for flyktningar meiner. Noreg er forplikta av ordlyden i Narkotikakonvensjonane frå -61, -71 og -88, og av Barnekonvensjonen. 196 av 197 statar har ratifisert Barnekonvensjonen. Berre USA manglar. Narkotikakonvensjonen (1988) seier at innehav, erverv og tilverking av narkotika til eige bruk skal vere straffbart. Barnekonvensjonen seier at barn skal vernast mot ulovleg bruk, sal og produksjon av narkotika.

Noreg bør korkje undergrave menneskerettane eller narkotikakonvensjonane for at folk skal få lov til bruke narkotika straffefritt. Påstanden om at Noreg vil tape ansikt i internasjonale fora dersom vi ikkje avkriminaliserer, synest merkeleg, all den tid ingen andre land har avkriminalisert bruk av narkotika i så stort omfang som det rusreformutvalet foreslår.

Vi treng heller ikkje avkriminalisere for at narkotikabrukarar skal få tilgang til verken helsetenester eller skadereduksjons-tilbod i Noreg i dag.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!