Kleven verft, Ulsteinvik, «Norges største kompetansesenter innan avansert stålbearbeiding» står det på nettet.

400 arbeidarar har ført vidare og utvikla det beste innanfor sunnmørske industritradisjonar. Nokre av dei nye, store hurtigrutene som dagleg vitjar Ålesund, er til dømes bygd der.

Så vart verftet selt til Kroatia, venteleg eit umogleg føretak for eigarar som har lite røynsle og sjølve har problem med næringslivet i sitt eige land. Dei gjekk fort konkurs.

No har Green Yard frå Agder tatt over Kleven, og den sunnmørske bygdebyen er førebels berga.

Den gamle sunnmørske fabrikkeigar-typen er visst ein saga blott, han som køyrde folkevogn og åt matpakken sin saman med arbeidarane.

Ungdommen, også dei som er arbeidarar, er betre teoretisk utdanna i dag enn før. Mange beherskar data og kan fort tileigne seg ny kunnskap.

Begynner vi ikkje å nærme oss tidsalderen då det kan vere realistisk at arbeidarane sjølve tar over ei bedrift, vel si eiga leiing, og styrer økonomien sjølve, med allmøte som øvste leiing?

Eller har forbrukar- og forlystelses-kulturen lamma sjølvkjensla og initiativet i ungdommen; og framandstyre og imperialisme blir einaste utveg?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!