I Sunnmørsposten 4. juli stiller Hallgeir Wuttudal spørsmålet: «Er verkeleg vindmøller på Haramsfjellet det verste som kan skje?»

Ja, for innbyggarane på Haramsøya og Flemsøya/Skuløya kan det redusere livskvaliteten, som f.eks. ved øydelagt turområde, ampert naboforhold, splitta familiar og verdiforringing av bustadar og hytter. I ytste konsekvens kan ungdommen vegre seg for å bygge på dei to øyane.

H.W. skriv at på Harøya og Smøla lever dei godt med vindmøllene som naboar. Vindmøllene på Harøya er 47 m og på Smøla er dei 75 m. Etter planen skal vindmøllene på Haramsfjellet bli 150m. På Smøla er det over ein kilometer frå næraste hus til vindmøllene.

Smøla er hele 271 kvadratkilometer. Haramsøya 13.3 km2 og ca. 8 km lang. Konsesjonsområdet til vindkraftanlegget er ca. 4.5 km.

H.W. skriv: «etter mi ringe vurdering er Haramsfjellet truleg eit av dei meir egna områda for ein vindpark». Viss det ikkje var fuglar, dyr eller menneske på øyane er det kanskje ei rett vurdering.

H.W. setter Nordøyvegen opp mot vindkraftutbygging på Haramsfjellet. Nær 100 % av øybuarane ville ha Nordøyvegen, nær 100 % vil ikkje ha vindkraftverk på Haramsøya.

H.W. sitat: «Kvar innbyggar på Nordøyane blir tilgodesett av storsamfunnet med om lag to millionar til fastlandssamband». Eg trur at Wuttudal bør sette seg betre inn i finansieringa av Nordøyvegen før han deler ut 2 mill. til kvar øybuar.

Vidare skriv han at øybuarane bør yte litt tilbake til samfunnet si klimasatsing, ikkje berre irritere seg over synlegheita av fornybar energi.

Eg trur at Wuttudal også bør sette seg betre inn i heile sakskomplekset når det gjeld Vindkraft.

I 2012 vart det innført såkalla grøne sertifikat. Når det kom til utbygging av vindkraft vart demokratiske prosessar fjerna med et pennestrøk og teknokratiet (ekspertvelde) innført. I dag står lokalpolitikarane rådlaus mens teknokratane i NVE nærmast gjør som dei vil.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!