Torsdag denne veka skjedde det ikkje. Denne veka vart det ikkje vald mellom gjengar av ungdom på Moa i Ålesund.

Men det kunne ha skjedd, og utfallet kunne ha blitt alvorleg. Berre på grunn av tips, tilfelle og godt førebyggjande politiarbeid unngjekk ein denne gongen at ungdom barka saman i meiningslaus vald.

Ungdom frå fleire ulike stadar i fylket, i alderen 13–14 år, hadde avtalt å møtes til eit oppgjer like ved Moa. Men politiet var på plass.

Denne gongen.

Det kjem ein neste gong.

For slike avtalte slåstkampar er ein trend som spreier seg, og valden kan vere svært brutal. Både gutegjengar og jentegjengar har slike oppgjer.

Kva gjer vi for å hindre det?

Ungdom hadde konfliktar før også. Gjengar stod mot kvarandre. Ein visste kven ein skulle halde med, kven som var «dine» og kven som kom frå «feil side» av Brosundet, eller ei anna synleg eller usynleg grense.

Krangling og ypping til kamp var oppstod lenge før det vart kalla «beefing», og lenge før «sjefar» bestemte kven som skulle slåst, kven som skulle sjå på, og kven som skulle filme valdshandlingane som så vart spreidde på Snapchat, Tiktok, YouTube eller Instagram.

Det gjer ikkje dagens valdshandlingar meir akseptable. Det var like alvorleg og uakseptabelt den gongen også. Og ikkje kom med at «det vart folk av oss også». Det vart det slett ikkje av alle. Desse konfliktane hadde sine offer, og dei kunne setje varige spor.

Likevel.

Noko er nytt.

Noko vi må ta på alvor.

Konfliktane kan ha mange årsaker, men dei kan bli meir fastlåste og hardare når dei spelar seg ut i sosiale media. Det som er sagt, er dokumentert.

Krenkinga blir større, misforståingane oppstår lettare og det er vanskelegare å trekkje seg frå konflikten når det kanskje er hundrevis av vitne til det som er sagt.

Sosiale medium gjer også at konfliktane involverer fleire, og kan kome ut av kontroll. Nokre kjenner kanskje ikkje kjernen i konflikten, og rykte kan forsterke den. Når valden blir filma og spreidd på sosiale medium, forsterkar det både krenkinga og respekten og statusen nokre søkjer.

Medietilsynet si undersøking Barn og medium 2020 syner klar vekst av avtalte slåstkampar på sosiale medium. Tre av ti har sett innhald som handlar om å planleggje slike kampar.

Ungdom søkjer etter å finne sin posisjon, skaffe seg makt, status og plass i hierarkiet.

Nokre føler dei får anerkjenning gjennom å delta i slike slåstkampar. Andre i frykt for utestenging. Gruppepresset ser ut til å vere sterkare enn før. Andre igjen søkjer tryggleiken det gir å høyre til ein gjeng.

Og igjen: Sosiale medium er med på å forsterke alt dette.

For politiet, skulen eller foreldre kan det vere vanskeleg å få innsyn i det som skjer. Konfliktane kan eskalere fort og involvere mange. Gruppejustisen gjer at ingen vil vere ein «snitch», den som sladrar, og er årsaka til at vaksne får vite.

Det kan også føre til straff, valdshandlingar eller utestenging frå gjengen. Ungdom vegrar seg også for å seie frå, på grunn av måten foreldre eller skule reagerer på.

Ei kartlegging som Færder kommune har gjort, tyder på at føresette veit lite om det som skjer, og det miljøet ungdommane deira er ein del av på fritida. Ungdommen i denne kartlegginga fortel at dei vaksne er altfor passive.

Sosiale medium er altså ei viktig årsak til at beefing (ypping til kamp) og avtalte slåstkampar trendar, at konfliktane blir skarpare og konsekvensane meir alvorlege.

Løysinga på problemet må vi likevel finne andre stadar.

Ungdom som manglar verktøy til konfliktløysing, må få hjelp til å lære seg andre handlingsalternativ. Dei som byggjer status og identitet på vald, må få andre førebilete. Og vaksne må bry seg meir.

– Hovudansvaret må ligge på dei føresette. Dei må vere tett på, vite kva deira barn driv på med på sosiale media og ta den gode samtalen med om kva som skjer i deira barn og unge sitt liv, seier fungerande stasjonssjef Bjørn Egil Gamlem ved Ålesund politistasjon.

Så om fenomenet er nytt, plattformene er nye og valden er meir alvorleg, så er medisinen gamal:

Vi må snakke saman, og vi må bry oss meir om kvarandre.

Kanskje skal vi ta ein prat allereie denne helga? Og neste ...