Tillit gjer ein seg fortent til, det er ikkje noko ein kan krevje. Det er elementær pedagogikk, og grunnleggande i politikken. Temaet her er at sentrale folkevalde kan irritere meir enn godt er, når dei uttalar seg, eller diskuterer med kollegaer frå andre parti i radio og TV.

Det går på tilliten laust. Eg legg fram nokre få døme.

Svarar ikkje

I debattar eller intervju svarar dei folkevalde ikkje alltid på det dei blir spurde om, eller går inn på det saka gjeld. Eit døme er den folkevalde som vart spurt om utbygginga av vindmøller på Haramsøya.

Først kom vedkomande med eit referat frå nærast heile partiprogrammet og kor eineståande det var. Det gjekk med mykje tid til det. Tida til å svare på sjølve spørsmålet vart særs kort.

Om vindmøllene hadde personen lite å seie, og det som var sagt var trivielt. Det ser ut som at det er viktigare å få fram bodskap om kor fortreffelege partiet og personen er, framfor å svare på det som er saka.

Det gjeld særleg når den folkevalde ikkje ser seg tent med å gje eit svar som ikkje vil falle i god jord, der og då.

Gøymer seg i ordflaum

På spørsmål om kostnadane til ferjer i samband med takstaukane i vår var svaret om lag slik: «Mitt parti er opptatt av vanlege folk si velferd, av å syte for ei god og rettferdig eldreomsorg, av eit tilgjengeleg og ikkje minst godt kvalifisert helsevesen, av skular og barnehagar som fungerer og lokaldemokratiet.»

Intervjuaren: «Kan du svare på spørsmålet?»

Politikaren: «Ja, eg kjem til det no, men eg må få lov til å sette svaret inn i sin rette samanheng. Vi forstår at dei som er avhengige av ferje reagerer på auka kostnader. Difor vil vi vurdere om vi skal ta eit initiativ til få ei utgreiing om desse kostnadane. Det kan hende det er rom for endringar, i så fall vil vi vurdere det.»

Strategien er å vere uklar og gøyme eit negativt eller uønskt svar i ein ordflaum med positive bodskapar.

Svarar på noko anna

I same gate er å svare på noko anna enn det som det er spurt om. Intervjuaren kan t.d. spørje: «Ditt parti er for bompengar, korleis vil du grunngje det standpunktet?»

Den folkevalde kan då svare på denne måten: «Mitt parti har gjennom heile stortingsperioden gått sterkt inn for å bygge ut vegnettet, og det har vi langt på veg lukkast med. Det er bygt så og så mange kilometer med god riksveg. I den perioden motparten sat i regjering bygde dei ut berre tredelen så mykje veg. Det til ein langt høgare pris, og med dårlegare vegkvalitet. Dei har ingenting å kritisere oss for. Det viser at vi har ein framtidsretta og særs effektiv samferdselspolitikk. Gjennomføringa av planane for vidare vegutbygging vil i tida frametter bli endå meir effektiv både når det gjeld tid og pengar.»

Påstanden om at den førre regjeringa ikkje gjorde særleg på området, gjer at motparten må svare på den skuldinga og det skjer til dømes slik:

«Som alle veit, vegutbygginga stogga ei tid på grunn av sein kommunal sakshandsaming. Alt låg likevel klart då den nye regjeringa kom til. Dei gjekk til dekka bord, og har ikkje tilført saka noko som helst. Det var vårt førearbeid som gjorde utbygginga mogleg, ikkje regjeringa sin politikk.» Bompengane fekk vi ikkje svar på.

Polariserte debattar

Å vere konsekvent og sterkt usamd med medlemmer frå eit anna parti og å vere provosert av kva dette partiet kan gå inn for, er utbreidd.

Meiningsutvekslinga er ofte nærast kjemisk fri for å akseptere at motparten har noko som helst å fare med. Dagsnytt 18 i NRK P2 er meistrar i å arrangere slike polariserte debattar.

Ritualet er å syte for debattantar med kvar sine ytterpunkt i saka, og som konkurrerer om å snakke høgast og mest.

Eit døme er den folkevalde frå eit parti som har sett fram eit «glimrande» forslag som vil løyse eit påtrengande og vanskeleg problem.

Medlemmen frå det andre partiet karakteriserer forslaget som urealistisk og umogleg, og forslagsstillaren som hovudlaus og lite orientert. Svaret tilbake er at vedkomande kritikar har misforstått, er utsett for omgrepsforvirring, har ikkje sett seg inn i saka og er i tillegg tradisjonsbunden og lite villig til å nyorientere seg. Og dessutan viser «all» forsking at den nye løysinga vil føre fram.

Saka blir borte i generelle og grove karakteristikkar. Informasjonen om kva som er moglege løysingar og grunnlaget for dei er borte. Dessutan, «all» forsking viser aldri eitt resultat.

Eit anna liknande døme er at medlemmen frå det eine partiet legg fram si sak med stor iver og med klare og omfattande påstandar om kor gale det står til på feltet. Behovet for endring er stort, «det veit alle».

Så følgjer ei lang forteljing om det som skal til for alt skal bli betre. Motdebattanten er avvisande, forstår ikkje kritikken og heller ikkje kva som er nytt i det som blir sagt. Dette forslaget hadde vedkomande sitt parti dessutan sett fram allereie for eitt år sidan, og då stemde motparten sitt parti ned forslaget.

For at eit forslag om ei endring skal ha verknad, er det om og gjere å snakke ned det som er situasjonen i dag. Og samstundes få fram at forslaget til endring vil gjere tilhøva langt betre for dei aller fleste.

Eit spel

Folkevalde bør vite at slik blir det som oftast ikkje.

Alt er ikkje gale på eit felt og det er langt mellom politisk vedtekne endringar som oppfyller det dei folkevalde lovar.

Politiske debattar er eit spel. Reglane er forma ut av kommunikasjonsrådgjevarar betalte av fellesskapet. Strategien er at den enkelte folkevalde skal ta initiativet (ordet), behalde det og styre debatten i si retning. Då får ein fram sine positive bodskapar og unngår negativ merksemd.

Nyansane blir borte, det same er tvilen, uvissa og alternativa. Då tenkjer eg, kva oppfatning har desse politikarane om oss som ser på eller lyttar til bodskapane deira? Meiner dei at vi trur på dei? Trur dei at vi går på det dei seier og måten det blir sagt på? Trur dei at dette snakket er med på å skape tillit og respekt? Svaret gir seg sjølv.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Alle lærerne i Ålesund samlet i Hatlane idrettshall før skolestart Peder Haug, professor i pedagogikk ved høgskulen i Volda Foto: Staale Wattø sw@smp.no Foto: Staale Wattø