Lesarinnlegg:

«Ja, vi elsker..»

.. dette landet, som det stiger frem, furet - værbitt - over vannet, med de tusen hjem (Bjørnson).

Vakket: Stigfossbrua i Trollstigen.   Foto: Halvard Alvik/Scanpix

Meninger

I sommar har NRK gjennom fleire veker vist oss nydelege bilete av «Gamle Noreg, nørdst i grendom --» (Aasen)

Dersom NRK vel å vise deler av sommarprogrammet seinare, vil nok mange setje pris på at dei leitar fram nokre vers og strofer frå dikt og songar som passar fint til natur/bilete. Vi fekk høyre ein del bra i sommar, ikkje minst siste veka, og i nord tona: «Å eg veit meg eit land, langt der oppe mot nord, med ei lysande strand, mellom høgfjell og fjord.» (Blix) Nydeleg.

Ja, «Det stig av hav eit alveland, med tind og mo, det kviler klårt mot himmelrand, i kveldblå ro.» (Garborg)

Natur, bilete, ord, takt og tone må harmonere, elles kan det skurre. Passar det saman kan det gjensidig lyfte, forsterke og utdjupe einannan. Då er det med å lyfte sitt publikum, å skape den gode opplevinga det er meint å vere, forsterke fellesskapskjensla og kjærleiken til land og folk.

Vi har noko felles, – ja, vi elsker dette landet.

Mange både eldre og yngre forfatterar har laga mykje fint og varig. Lurer på om mykje er ukjent for yngre generasjonar. I tillegg til dei ovanfor nemnde forfattarar, kan og nemnast blant dei eldre: Vinje, Sivle, Ørjasæter, Ole Vig, H. Floden, Caspari, Hovden og mange fleire. Gammaldags og umoderne? Der finst iallfall vers med kvalitet og innhald.

John Paulsen knyter seg og til dette «alvelandet»: «Når fjordene blåner som markens fiol, og breene glitrer i spillende sol – » og i andre verset: «Når vinterens bølgende eventyrprakt henover den værbitte fjelltind er lagt, når fjorden seg lukker krystallklar og prud, og bjerken står hvitkledd og taus som en brud, når skøytene danser på isblanke vell, og bjelleklang lyder i stjerneklar kveld,-»

Kanskje har han flagget, grunnlova og vår kristne tradisjon i sinne i avslutningsorda. Noko vi bør einast om i dag og:
– «da røres mitt bryst, da blott hviske jeg kan: Gud signe deg, Norge, mitt deilige land!»


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!