Eit av dei sterkaste uttrykka for å gi offentleg støtte til ei sak viser ein ved å heise flagg. Nettopp derfor heiser Ålesund kommune Pride-flagget. For å synleggjere at i kommunen vår er vi for mangfald, solidaritet og fellesskap. Regnbogeflagget er eit universelt symbol for fridom og likeverd. Flagget er viktig for menneske med ulike legningar verda over fordi det symboliserer det rike mangfaldet som finns innanfor den skeive bevegelsen.

No har rett nok ikkje Ålesund kommune brukt kommunens hovedflaggstang på rådhusbygninga til Prideflagget enda, men på ulike flaggstenger på plassen framfor. Dette av respekt for eksisterande flagglov. Lova åpner kun for bruk av det norske flagget, det samiske flagget, kommuneflagget og fylkesflagget. Men som kjent, har kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup uttrykt at dette er ein utdatert regel og vil foreslå endringar. Nettopp med Pride som grunngjeving. Han meiner at kommunane bør få kunne få markere verdiane som Pride står for, utan at lova skal stå i vegen for det.

Når ny lov kjem på plass håper eg det blir ein ålesundsk tradisjon for all framtid å la regnbogeflagget vaie frå rådhuset si flaggstong under Pride-markeringar. Med lovendringa vil kommunane sjølve få bestemme kva slags flagg vi ønskjer å heise. Framtidig bruk av denne moglegheita til også andre gode formål, vil måtte vurderast i kvart enkelt tilfelle.

Å heise regnbogeflagget er ikkje å gi støtte til ein særskilt politisk organisasjon. Derfor avstår eg frå å gå inn i ein diskusjon om organisasjonen Fri sitt program, som Bruset inviterer til. Den økonomiske støtta som politikarane i Ålesund har gitt til Pride er gått til Ålesund Sentrumsforening som hovudarrangør.

Bruset spør om ordføraren er av den oppfatning at fleirtalet av innbyggjarane i Ålesund støttar opp om flaggheisinga. Til det er svaret ja. Eit uttrykk for det er at innbyggarane sine fremste folkevalde i Ålesund formannsskap denne veka samrøystes vedtok å støtte Pridedagane økonomisk.

Det vil det alltid vere nokon som er ueinige. Men vi er mange som har gjennomgått ei reise i eigne haldningar og som ser at vi, som samfunn og lokalsamfunn, har tallause vonde eksempel på korleis mangel på aksept og toleranse har gjort livet vanskeleg for enkeltpersonar og grupper. Derfor vil flagget komande tysdag igjen bli heist framfor rådhuset og bystyresalen lånt ut til regnbuemesse på søndag.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!