Det er i alle fall det som var bakgrunnen for den kulturpolitiske regionreforma som brått vart avlyst av noverande kulturminister. I møtet med den tidlegare kulturministeren på kulturpolitisk toppmøte i november, meldte Møre og Romsdal fylkeskommune, og dei fleste fylkeskommunane, at me er positive til regionreforma sin intensjon om å desentralisere makt, tydeleggjere det politiske ansvaret og styrke fylkeskommunen si rolle som regional samfunnsutviklar og samordnar.

I kulturmeldinga er det trekt fram eit perspektiv om at den nasjonale kulturpolitikken er summen av kommunal, fylkeskommunal og statleg kulturpolitikk og ein må sjå på verkemiddel og tiltak på alle dei tre forvaltingsnivåa i ein samanheng. At fylkeskommunane framleis skal vere bindeleddet mellom stat og kommune, er ei rolle eg meiner er viktig, men ein må sjå forvaltinga av det felles ansvaret me har for kulturen som heilskap. Dette er eit perspektiv som har prega den fylkeskommunale kulturpolitikken vår i Møre og Romsdal.

Statsråd Abid Raja sa i det andre dialogmøtet under koronasituasjonen at han skulle reise land og strand rundt for å ha ein dialog om korleis kulturlivet skal forvaltast og utviklast i tida framover, og at han skulle kome i løpet av sumaren. Fylkeskommunane har i fleire omgangar vore tydelege på at staten må ha ein systematisert dialog med fylkeskommunane for å kunne utvikle det felles kulturfeltet vidare. Opplevinga frå besøka i sumar har diverre vore at statsråden er meir oppteken av enkeltinstitusjonar, enn fylkeskommunen som forvaltningsorgan med delansvar for den nasjonale kulturpolitikken. Sjølvsagt er det flott for Møre og Romsdal å ha ein statsråd som kjenner til Sunnmøre museum, Moldejazz og Atlanterhavsparken, men kulturlivet og kulturpolitikken i Møre og Romsdal er så mykje meir enn dette.

Skal ein nå målet som at den nasjonale kulturpolitikken skal vere summen av den kommunale, fylkeskommunale og statlege kulturpolitikken slik som kulturmeldinga seier, så må statsråden og departementet lage desse møteplassane for å kunne utvikle og samordne denne nasjonale politikken, saman med fylkeskommunen og aktørane.

Møre og Romsdal har vore tydelege sidan starten av den kulturpolitiske regionreforma at me er klar for å ta imot nye oppgåver, men at føresetnaden er at det må vere ein samanheng mellom makt, mynde og midlar. Det er dette med midlar som har vore det største ankepunktet frå fylkeskommunane si side når det gjeld reforma og overføring av oppgåver.

I alt for mange demokratiseringsreformer, så har staten gjeve frå seg oppgåver og ført over mindre midlar til fylkeskommunane for å drifte desse enn det staten hadde sjølv, og det er det som er den største utfordringa. Ikkje det at fylkeskommunane ikkje vil ta eit større ansvar for kulturen. Kulturen er ikkje eit dugnadsprodukt som ein skal halde på med berre fordi det skapar glede, det er eit reelt politikkfelt der ein treng midlar for å utvikle, fornye og utvide, til glede for fleire.

Kulturmeldinga er klar på at «eit større ansvar for kulturoppgåver hos fylkeskommunane vil gi rom for regionale vurderingar og prioriteringar. Samtidig kan måloppnåinga i kulturpolitikken bli betre, ved å sjå verkemiddel og tiltak både på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå i samanheng». Så sjølv om den kulturpolitiske regionreformen er lagt daud i den forma den var tenkt, så har me framleis ei kulturmelding som seier at fylkeskommunane skal få eit større ansvar for kulturoppgåver. Det er på tide med ei oppgåveoverføring med reell makt, mynde og midlar slik at fylkeskommunane kan vere med på å nå målsettingane som kulturmeldinga har satt. Skjer ikkje dette, så har me ei statleg forvalting med manglande visjonar for det regionale kulturlivet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!