Vedtaket i teknisk utval er skuffande svakt. Og mange i gamle Haram lurer nok på om dette er uttrykk for om Haram er med i den nye kommunen, eller berre sett under administrasjon av gamle Ålesund.

For her manglar det vilje!

Vilje til å handle. Dersom vindkraftmotstandarane skulle ha den same strategien som er vist her, hadde motstanden vore over for lenge, lenge sidan.

Nei, om desse monsterturbinane var planlagde på sjølve byfjellet, like bak Fjellstua, ville ein ikkje då tenkje: Dette må ikkje skje! Dette må vi gjere alt vi kan for å stoppe. Og så ville ein gå i gang og finne grunnlaget for ein slik kamp mot overgriparen, staten.

Det ein gjer no, er å følje statens tankegang og intensjon, det går tydleg fram av referata. Ein er redd for å «stikke kjeppar i hjulet» for staten. Å våge seg til å provosere med eit lite kommunalt pip som kan stoppe eit so svært tiltak som staten her har føre seg, nei ‘de e fali, det’.

Dette er ein tankegang i denne saka som berre fører til ein ting, at monsterturbinane vil vere på plass neste år! Nei, følg den linja som Nei til vindkraft føljer; eit høgst nødvendig kritisk blikk på statens handlemåte,(med all god grunn, viser det seg) avsløre feil og manglar og finne rettsgrunnlaget for det ein meiner rett! Og stå på!

Her manglar det mot til å bli skiten på fingrane, her manglar den djupare innsikt for å avsløre det maktovergrepet som foregår. Dette er underdanig og passivt! Og kva med ordføraren si djerve utsegn ute på øya laaangt nord i havet, når ho proklamerte at her skal alle steinar snuast.

Dette liknar meir på å sette seg på ein stein og vente på kva staten vil foreta seg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!