Leserinnlegg:

«Dagfinn Flem og Sveits»

Dagfinn Flem, tidlegare redaktør i Sunnmørsposten, skreiv bok om demokratiet i Sveits.
Meninger

Dagfinn Flem var ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten frå 1946 til sin død i 1976. Flem hadde ei studiereise til Sveits, etter den reisa skreiv han ei bok som kom ut i 1945, boka heiter "Det Demokratiske Sveits."

I boka skriv Dagfinn Flem.

«Sveits har brutt med alle gamle tradisjoner om at en stat må styres ovenfra av en sterk enkeltmann, eller iallfall av et sterkt regjeringskollegium. I stedet for å konsentrere makten oppad, har sveitserne konsekvent lagt den nedad. Jo mer direkte et statsorgan er utgått fra folket selv, desto større er dets maktfullkommenhet. Og den endelige ledelse har folket forbeholdt seg selv. Hos sveitserne er virkelig demokratiet, folkets eget styre, ikke bare en frase. Det er realitet.»

Dagfinn Flem siterar ein sveitsisk politikar i boka.

«Jeg kjenner bare en grunnsetning å gå ut fra. Det er folkesuvereniteten. Suvereniteten er den høyeste. Hans vilje er lov. Men nå taler noen om en representativ suverenitet, som ikke er noe annet enn en oppgivelse av denne. Den som delegerer er ikke lenger suveren, og jeg påstår at der hvor et stort råd beslutter lovene, er forfatningen en løgn.»

Og han sier videre:

«Det forekommer meg at prinsippene, grunnvollen, vil gli bort under oss. Som sådan vil man opstille folkets beste. Men det er ikke spørsmål om dets beste, men om dets rett, om det som tilhører folket. Man har erklært folket som myndig. Gir man det i Det store råd en fogd, så er det ikke lenger myndig.»

Dagfinn Flem skreiv om det denne politikaren sa. «Det er selve demokratiets trosbekjennelse i all sin enkle tyngde, som ligger i disse ord. De gir et umiddelbart uttrykk for sjølve den ånd som må leve i et sant demokrati. Og at dette folkestyre også er et godt styre, derom vitne meir enn noe annet sjølve den sveitsiske stat og dens historie.»

I Norge har folkestyret blitt langt dårlegare etter at Dagfinn Flem skreiv si bok. Langt meir av styringa i Norge har blitt delegert til administrasjonane i kommunane og i staten. Den som delegerer svekker folkestyret, og svekkinga har auka med samanslåinga av kommunar og fylker. Jo større jo dårlegare demokrati.

Sveits er eit lite land med eit areal som Trøndelag fylke, men likevel er Sveits oppdelt i 26 kantoner (fylker), ser ein på dei fem minste kantonane har dei ca. 15 000 innbyggarar, 32 700 innb., 35 000 innb., 38 300 innb. og 38 600 innbyggarar. Sunnmøre har ca. 145 700 innbyggarar, om lag ti gonger så mange som det minste fylket i Sveits. Sveits har mange små kommunar, og totalt er det meir enn 2000 kommunar.

Høyrer ein på kva ekspertar og mange politikarar i Norge seier om at norske fylker, kommunar og skular er for små og kostbare burde Sveits med sine små fylker, små kommunar og mange små skular, vere eit fattig land med dårlege tjenester til folket, og dårlege skular.

Slik er det ikkje, Sveits er eit rikt land, med gode tjenester til folket, og små og gode skular.

Eg vil også ta med at Sveits ikkje er medlem i EU, dei har ikkje EØS avtale, og dei har ikkje olje og gass produksjon. Men likevel eksporterer Sveits for langt større verdiar til EU enn det Norge gjer.

Sveits er sjeldan i norske medium, er årsaka at norske medium mislikar at Sveits er eit rikt land med gode tjenester til folket og gode skular, dette til tross for at kommunane og fylka er svært små, og at Sveits er ikkje medlem i EU.

Og ikkje minst at hos sveitsarane, som det einaste landet i Europa, er demokratiet folkets eget styre, og det er ikkje berre ein frase. Det er realitet.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!